Servitutter - Særlige råderetter over annen manns grunn Flashcards
Hva er definisjonen av en servitutt og hva innebærer det? Hva er forholdet til fullstendig råderett?
Eigedomsrett gjev i utgangspunktet ein fullstendig råderett over eigedomen, innanfor dei rammene som fylgjer av lovgjeving, allmenne rettsprinsipp og andre særlege rettar som eigaren må respektera.
I tillegg er det ofte bruk for å skipa avgrensa rettar over eigedomar som andre eig. Det kan ein få gjennom rettar til særskilte former for utnytting, som då er ei form for «frådeling» av noko av eigarrådveldet.
Definisjon: Rett til positivt avgrensa bruk eller utnytting i motsetnad til eigedomsrett, som er negativt avgrensa råderett, dvs. omfattar alt som ikkje er positivt unnateke
Eigedomsrett gjev i utgangspunktet ein fullstendig råderett over eigedomen, innanfor dei rammene som fylgjer av lovgjeving, allmenne rettsprinsipp og andre særlege rettar som eigaren må respektera.
I tillegg er det ofte bruk for å skipa avgrensa rettar over eigedomar som andre eig. Det kan ein få gjennom rettar til særskilte former for utnytting, som då er ei form for «frådeling» av noko av eigarrådveldet.
Definisjon: Rett til positivt avgrensa bruk eller utnytting i motsetnad til eigedomsrett, som er negativt avgrensa råderett, dvs. omfattar alt som ikkje er positivt unnateke
Hva menes med allmenn bruksrett?
Servitutt gjev ikkje allmenn råderett over eigedomen («besittelse»), men inneber ein avgrensa bruk av eigedom som eigaren eller andre har råderett over, til dømes vegrett over eigedomen, rett til å ha dyr på beite eller liknande
Allmenn bruksrett gjev rett til allmenn råderett over eigedomen
Husleigekontrakt
Tomtefeste
Hvilke vanlige typer av servitutter har vi?
Bruksservituttar
- Ferdselsrettar (rett til leggja veg, rett til å gå over eigedom e.l.)
- Rett til å ha anlegg på annan eigedom (kraftleidingar, brygge, kloakk- eller vassleidning m.m.)
Uttaksrettar (fiske, jakt, hogst, vatn, masseuttak m.m.)
Rett til utvida råderett over eigen grunn (dropefallsrett, rett til støyande verksemd m.m.)
Negative servituttar (rett til forby visse former for utnytting av granneeigedom)
- Villaklausular (påbod om «villamessig» bygging)
- Forbod mot støy
- Byggjeforbod
- Konkurranseforbod - næringsforbod
Hva menes med skiping av servitutter?
Vanlege rettsgrunnlag for servituttar
Avtale (ofte i samband med overføring av fast eigedom).
Testament (A får eigedomen, men B skal ha rett til dømes til fortøying av båt eller til å fiske).
Jordskifte etter jordskiftelova.
Hevd eller alders tids bruk
Oreigning
Redegjør for avgensning av retten til å stifte servitutter.
Servituttar har til dels vore sett på som noko negativt og ein har gjerne ynskt å avgrensa omfanget av servituttar av omsyn til utnyttinga av eigedomen
Ved at eigaren må respektera servitutten kan han bli hindra i å foreta utnytting som heller ikkje rettshavaren har rett til. Kan føra til lite effektiv utnytting og hindra utvikling.
Servituttlova §§ 11 – 15, jf § 16 (forbod mot visse rettar i skog)
Forbod mot ”frådeling” av jakt- og fiskerett frå ein eigedom for lenger tid enn 10 år, viltlova § 28 andre ledd og innlandsfiskelova § 19. Omfattar stifting av servituttar.
Hvem er rettshaver? Forholdet mellom reelle og personlige servitutter
Rettshavar er den som er definert som rettshavar i rettsgrunnlaget eller som seinare på lovleg måte har overteke retten
Personlege rettar
Rett som ligg til ein fast eigedom . Eigaren av eigedomen er også rettshavar
Rettsgrunnlaget avgjerande. Tolkingsspørsmål. Rt. 1964 s. 1066, Rt. 1966 s. 1044, Rt. 1967 s. 1407, Rt. 1969 s. 1000.
Stor vekt på føremålet med retten og om eigedomen treng den utnyttinga servitutten gjev rett til.
Situasjonen på stiftingstidspunktet avgjerande for tolkinga
«Bedriftsservituttar» kan vera knytt til eit føretak
Hva er innholdet i råderetten ved en servitutt?
Kva type bruk gjev servitutten høve til? (kvalitativt innhald)
Rettsgrunnlaget utgangspunktet
- Tolking. Ordlyden ofte ikkje særleg rettleiing ut over kva slags bruk det er tale om («vegrett», «rett til vassuttak» osb.)
Andre tolkingsmoment
- Vekt på at retten skal fylla sin funksjon (formålet)
- Kva rettshavaren treng
- Vekt på den etablerte bruken
- Vanleg oppfatning i området
Hva gjelder ved omfanget av bruken (av råderetten ved servitutt)?
Kor omfattande bruk? (kvantitativt innhald)
Tolkingsspørsmål.
Føremålet og retten sin funksjon
Husbehov, (Rt 1914 s. 715 og Rt. 1929 s. 289)
Eigedomen sin trong ved realrettar
Personleg trong hos rettshavaren
Hvordan kan bruken endres på grunn av tilhøve?
Servituttar er ofte langsiktige rettshøve. Endra tilhøve kan krevja endring i bruken for at retten skal kunne fylla sin funksjon.
Servituttlova § 2 legg til rette for tidsmessig utnytting innanfor ramma av føremålet med retten
- Rett til bilkøyring på grunn av eldre vegrett, Rt. 1924 s. 583, Rt. 1937 s. 355, Rt. 1968 s. 695
- Rett til strekking av fiberoptisk kabel på grunnlag av rett til kraftleidning over framand eigedom? RG 2001 s. 924 (B)
Servituttar er ofte stifta for lang tid. Utviklinga i teknologi og næringsliv frå slutten av 1800-talet og utover på 1900-talet førte til spørsmål om endring av bruken.
Mange rettar går ut på å ta ut ressursar som trengst på ein eigedom (typisk uttak av skogsvyrke, vassuttak eller beiting med dyr).
Her kan oppstå endringar i trongen for ressursar som fylgje av endra bruksmåtar eller endra krav. Trongen for vassforsyning for ein bustad er såleis mangedobla i løpet av dei siste hundre åra.
Bruk av kraftfor i dyrehald gjer at langt fleire dyr kan vinterforast på ein gard. Det same fylgjer i nyare tid av kjøp eller leige av tilleggsjord som har blitt vanleg.
Innanfor det som er vanleg utvikling av landbruksdrift har ein akseptert i alle høve ein viss auke i dyretalet, men det må skje ei avveging i høve til kva verknad dette har for grunneigaren og eventuelt andre rettshavarar.
Det mest praktiske tilfellet av endra bruk som fylgje av teknologisk utvikling var ved starten av førre hundreåret likevel overgang til motorisert ferdsel med bil og traktor i staden for hest og kjerre.
Hovudregelen har vore at køyreveg også måtte kunne nyttast til motorisert ferdsel, sjølv om den var stifta på ei tid då motorisert ferdsel var ukjent, jf. Rt. 1924 s. 583 og Rt. 1937 s. 355. Rt. 1968 s. 695 gjaldt spørsmål om utviding av retten til å gjelda fleire brukarar, som er eit noko anna spørsmål. Også på dette punktet har rettspraksis gått ut på at frådelte parsellar har rett til å nytta etablert veg, så lenge den totale bruken ikkje overstig den belastninga som eigaren i alle høve ville måtte finna seg i.
I Rt. 1931 s. 232 vart på den andre sida brukarar som hadde hatt rett til å ta tang og tare på ein granneigedom og som hadde køyrt den bort med slede på vinterføre, nekta å køyra den bort med vogn på ein veg som vart bygt seinare.
Det kan nok reisast tvil om resultatet ville ha blitt det same i dag.
Ein del av dei eldre domane kan vera prega av at ein var i ein tidleg fase av utviklinga og ein var meir atterhalden med å tillata ny bruk enn det ein ville ha vore i dag.
Dei reglane eller prinsippa som vart utvikla i rettspraksis er i servituttlova § 2 utforma slik:
«Korkje rettshavaren eller eigaren må bruka rådveldet sitt over eigedomen såleis at det urimeleg eller uturvande er til skade eller ulempe for den andre.
I avgjerda om noko er urimeleg skal det leggjast vekt på kva som er føremålet med retten, kva som er i samsvar med tida og tilhøva, og kva som høver til å fremje naturmangfaldet på staden.»
Ved at dette vart utforma som lovregel vart grunnlaget for tilpassing av servituttar til ny utvikling noko sterkare, og domstolane har nok i ettertid kjent seg sikrare på grunnlaget for slik tilpassing av innhaldet i servituttar til tida og tilhøva. Etter at servituttlova vart vedteken har Høgsterett hatt få saker som gjeld omfanget av servituttar eller spørsmål om endring av bruken og dei sakene som har vore for Høgsterett om dette har hatt andre hovudproblemstillingar.
I Rt. 1989 s. 902 var det mellom anna spørsmål om bryggerettar gav rett til utbygging av flytebrygger for småbåtanlegg. Fleirtalet kom til at bryggerettane ikkje gav grunnlag for ein rett til utbygging av bryggerettar utan samtykke frå grunneigaren.
I Rt. 1995 s. 644, var spørsmålet om det på sedvanerettsleg grunnlag var etablert ei ordning med felles beiterett i utmarka til fleire eigedomar i Balsfjord. Høgsterett kom til at ein slik rett var etablert. Til spørsmålet om omfanget av beiteretten uttalte førstvoterande at «beiteretten – selv om den er utviklet på grunnlag av lokal sedvane – må kunne tilpasses utviklingen i et moderne husdyrhold i samsvar med det alminnelige prinsipp som er kommet til uttrykk i servituttloven § 2». Det måtte difor kunne takast opp beite med geiter, sjølv om dette ikkje hadde vore praktisert i området før.
Ei sak som gjaldt spørsmålet om å føra fram fiberkabel ved bruk av master som var bygt på grunnlag av oreigning til elektrisitetsframføring, vart anka til Høgsterett, men vart avvist frå handsaming i Høgsterett.
Det finst ein relativt omfattande underrettspraksis om spørsmålet om ulike rettar til uttak av vatn for møllebruk, sagbruk o.l. også gjev rett til uttak av vatn for oppdrettsanlegg, som i hovudsak går ut på at føremålet kan endrast til også å omfatta slik utnytting, sjå til dømes RG 1990 s. 1196 (G) og RG 1991 s. 708 (G)
Dette er grunnlaget for føresegna i servituttlova § 9 første ledd om at «[e]in rettshavar kan avhenda heile eller noko av retten sin til kven han vil, når det ikkje fører til annan auke i tyngsla enn det elles var høve til».
Sjå RG 2001 s. 924 (B), der kraftselskapet fekk medhald i at det hadde rett til å nytta kraftleidningsmastene for framføring av fiberoptisk kabel.
Hvilke momenter har vi ved vurderingen etter servituttloven § 2?
Føremålet med retten som ramme
- Vegrett gjev ikkje rett til parkeringsplass
- Fortøyingsrett gjev ikkje rett til båtopplag
- Nye utnyttingsmåta: Vassuttak for drift av sagbruk eller mølle til fiskeoppdrett eller drikkevatn? RG 1990 s. 1196 (G) og RG 1991 s. 708 (G)
- Fortøyingsrett til robåt utvida til cabincruisar?
Utnyttinga må ikkje vera ”urimeleg eller uturvande” til skade eller ulempe
- Vekt på kva som er ”i samsvar med tida og tilhøva”
- Naturmangfaldet på staden
Mange av reglane som i dag står i servituttlova og blir oppfatta som vel innarbeidde og sjølvsagte har bakgrunn i rettspraksis frå slutten av 1800-talet og utover.
Innhaldet i servituttar vil i fylgja av rettsgrunnlaget som kan vera avtale, jordskifte, oreigning m.m. eller hevd.
Rettsgrunnlaget gjev ofte ikkje noko utfyllande regulering av innhaldet i retten. Høgsterett har i ei rad domar utvikla ein regel om at rettshavaren må ta rimeleg omsyn til grunneigaren, men også at grunneigaren må finna seg i tilpassing av retten slik at den kan utnyttast.
Domane i Rt. 1883 s. 391, 1908 s. 360, 1928 s. 922, 1935 s. 920 og 1937 s. 415 er døme på det første. Andre domar går ut på at servitutthavaren må ha naudsynt tilgang til eigedomen for å kunne utnytta retten,
Rt. 1878 s. 472 (rett til å ta vatn på ein eigedom må også omfatta rett veg for å henta vatn) eller Rt. 1918 s. 177 (rett til bruka ei ferje må også omfatta vegrett til å frå ferja).
Etter kvart utvikla det seg også praksis i retning av at servituttar gjev høve til bruk i tillegg til det som er det sentrale i retten om det høyrer naturleg saman med retten eller ikkje fører til noko meirulempe for grunneigaren.
Rettane blir i stor grad tolka i ut frå det som framstår som føremålet med retten. Vilkåret er likevel at bruken ikkje fører til auka ulempe, jf. Rt. 1908 s. 360 om bruk av felles veg og Rt. 1935 s. 79, der Høgsterett kom til at beiterett for «storfe og sauer» ikkje kunne tolkast slik at det omfatta beite med geit, medan beite med «kreaturer» vart rekna for å omfatta også geiter i Rt. 1916 s. 1046.
Servitutt; enerett eller rett til utnytting sammen med andre?
Oftast rett til utnytting parallelt med grunneigaren, (vegrettar, beiterett o.l. Rt. 1883 s. 901)
Tolkingsspørsmål, men krav om heimel for eksklusiv utnytting der dette ikkje fylgjer av innhaldet i retten.
Andre rettshavarar kan ha rett til same bruken (typisk vegrett)
Prioritet der ikkje alle kan få nok, typisk uttaksrettar (til dømes til vatn)
Gjør rede for endring og avløsning av servitutt.
Heimel for å fastsetja noko anna enn det retten gjekk ut på – ”rettsendringskompetanse” for domstolen.
Råderettslova §§ 5 og 6
Omlegging eller flytting av bruken
Vederlag der omlegginga fører til ulemper
Råderettslova § 7
Avskiping, jf. jordskiftelova §§ 2, 36 og 39
Vilkår for avskiping
Hva menes med overøfring av servitutter?
Utgangspunkt: Servituttar kan overførast til andre
Personlege rettar kan overførast
- ”Strengt personleg” rett kan ikkje overførast
- Rettar som stettar ein personleg trong
Råderett som ligg til fast eigedom (reelle rettar) kan ikkje avhendast særskilt, men kan avhendast dersom det skjer:
- Saman med eigedomen, eller
- Ein ”høveleg del av” eigedomen
- Rettar utan tilknyting til næring, som er ”uturvande eller ulagleg til utnytting saman med eigedomen”
Fylgjer retten med utan vera nemnt, ved overføring av eigedomen?
Overføringa må ikkje føre til auke i tyngsla ut over det det elles ville vera høve til, det vil seia det maksimale rettshavaren åleine ville hatt høve til, Rt. 1915 s. 20
Redegjør for innløsningsrett for grunneieren etter servituttloven § 10.
Gjeld ved avhending av retten
Reelle rettar som vert avhenda saman med eigedomen eller ein høveleg del av han, er unnateke frå løysingsretten
Løysingsrettslova § 8 (unnatak for overføring til nærståande)
Redegjør for opphøyr av servitutter
Opphøyr i samsvar med skipingsgrunnlaget (typisk tidsavgrensa eller personleg rett, eller bortfall av uttaksrett til ressursar når ressursen er uttømt)
Avtale
Utløysing etter råderettslova § 17
Fell negative servituttar bort på grunn av motstrid med plan etter plan- og bygningslova? Rt. 1995 s. 904, Rt 2002 s. 145, Rt. 2004 s. 883, Rt. 2008 s. 362, Rt. 2011 s. 228
Konfusjon (rett og plikt på same hand). Spørsmål om kva som skjer med retten dersom ein av eigedomane vert selt