Grannerett/Naborett Flashcards
Hva går grannerett ut på og hva behandles på kurset angående temaet?
Grannerett: Avgrensing av eigarrådveldet av omsyn til granneeigedom.
Kurset:
Innleiing. Historisk bakgrunn. Eigarrådvelde og grannevern
Lovreglar om vern mot inngrep eller verksemd på granneigedom.
- Grannelova av 14.06. 1961 nr. 15
- Gjerdelova av 5. mai 1961
- Vassressurslova § 6
- Forureiningslova av 13. mars 1981 nr. 6
- Plan- og bygningslova
- Særlovgjeving (t.d. fiskeoppdrettslova)
Kommentar:
Spørsmål om misbruk av rett. Den som brukar retten sin skader ingen sa romarane, men dette blir ikkje sett på som ei god lære i dag. Også ein eigar må ta omsyn til kva verknader hans tiltak eller handlingar som han utfører på eigen eigedom kan ha på granneeigedom.
Vern mot faktisk påverknad av aktivitet som grannen driv.
Gjensidig vern. Eigentleg også eit vern av eigedomsinteressa. Ingen er interesserte i vill vest situasjonar.
Hva reguleres i grannelova?
Den allmenne og sentrale lova om grensene for eigarrådveldet i høve til granneeigedomar
Ikkje vern mot all ulempe, men etablering av ei ”tolegrense” som ikkje må overskridast – etablerer sett frå andre sida ei grense for eigaren sin råderett over sin eigedom
Avveging av trongen for vern mot ulempe, mot trongen for råderett over eigen eigedom
Den allmenne regelen. Grannelova § 2.
Særreglar for visse typar verksemd i §§ 3-5
Granneretten i utvikling. Tilhøvet til forureiningslova og til nyare miljørettsutvikling. Naturmangfaldlova.
Definer begrepet granneeiendom (naboeiendom).
«Granneeigedom” er eigedom som kan bli påverka av tiltak eigedomen.
Alle eigedomar som vert påverka av eit tiltak på ein eigedom skal reknast som granneeigedom til denne eigedomen etter lova.
Særleg om tilhøvet til sjøgrunnen. Ikkje ”granneeigedom” sidan det ikkje er eigedom?
Strandretten gjev vern mot tiltak eller tilstand på granneeigedom som er til ulempe, t.d. for tilkomst.
Rt. 1996 s. 1457: same vern som etter grannelova mot ulemper som ikkje er fysiske inngrep.
Hva omfatter grannelova?
”Ha, gjera eller setja i verk noko”- omfattar alle former for aktivitet eller tilstand på granneeigedomen
Tre som kan falle ned, forureining i grunnen som kan spreia seg til granneeigedom m.m.
Kan naturgjevne tilhøve som rasfare vera ulempe i høve til grannelova?
Plikt til å utbetra risiko eller skade som oppstår på grunn av naturhending?
Hva ligger i vilkårene ‘skade eller ulempe’?
Fysisk skade vil vera omfatta (sprengingsskade, direkte påverknad på grunn av sot og røyk eller forureining som skader dyr eller vekster eller personar.
Ulempe er det som folk flest vil oppleva som ein negativ innverknad på eigedomen eller bruken av den
Typiske ulemper: Støy, lukt, tap av utsikt, tap av sollys, endra vérmessige tilhøve.
At noko må reknast for farleg er også ei ulempe (sprengstoffabrikk, kran, tre som kan falla o.l.)
Grense mellom krenking av eigedomsrett og granneulempe, Rt. 2011 s. 780
Hva ligger i kravet til omfang av skade eller ulempe?
Det må vera tale om noko som er «urimeleg eller uturvande til skade eller ulempe»
Ulike vurderingstema etter dei to kriteria
Hva ligger i “uturvande”-kriteriet?
Gjeld både der sjølve tiltaket er uturvande og der det er utført på ein måte som medfører uturvande ulempe. Det er spørsmål om skaden eller ulempa er uturvande, uavhengig av kor omfattande den er.
Sjikanetilfella (tiltak som ikkje har anna føremål enn å vera til skade eller ulempe) vil vera omfatta, men kriteriet går noko lenger og omfattar tiltak som ikkje har noko fornuftig føremål.
Krav til andre løysingar der det er mogeleg. Rt. 1971 s. 378 (“Grisehusdommen”) Rt. 1981. s. 343. (Bybrua i Stavanger). Bygginga av Jussbygget i Bergen.
Omsynet til kva som er teknisk og økonomisk mogeleg for å unngå skaden eller ulempa. Rt. 1972 s. 142 (“Jarnverks-dommen”)
Tilhøvet til prinsippet om best mogeleg teknologi i miljøretten
Hva ligger i “urimelig”-kriteriet?
Det sentrale vilkåret i praksis
Spørsmål om kor mykje ulempe grannen må tola
Skjønsmessig vurdering ut frå tilhøva på staden
Hjelpekriteria i andre og tredje stykket er ikkje uttømande
Spørsmålet er om ulempa er urimeleg ut frå ei totalvurdering
Hva ligger i “ventelig”-kriteriet? Hva er “ventelig”?
Kva som er “venteleg” på denne staden, objektivt sett
Venteleg eit snevrare omgrep enn «pårekneleg»
«Venteleg» er det ein kan venta vil skje er det som er relativt sannsynleg vil skje
«Pårekneleg» er det som ein må rekna med kan koma til å skje.
Ein må altså ta omsyn til kva grannen måtte kunne venta eller rekna med ville kunne skje, ut frå dei opplysningane som låg føre.
Kva som er venteleg i eit område kan koma til å endra seg på grunn av utviklinga, typisk urbanisering eller utbygging av industri som skjer gradvis.
Redegjør for Rt. 2006 s. 486 (Gardermo-dommen) avsn. 62-64. Hva uttaler Høyesterett?
”Formuleringen « venteleg » […] var i lovforarbeidene forutsatt å ha et noe mer begrenset innhold enn begrepet « påregnelig », jf. Rådsegn 2 fra Sivillovbokutvalet 1957 side 28. [..] Mons Nygard, Ting og Rettar (1974) side 192 […]« det som truleg, eller etter måten sannsynleg, vil koma til å skje, er venteleg. Venteleg er det som ein ventar vil skje. Pårekneleg derimot er slikt - som kan tenkjast å koma til å skje.»
Sagt med andre ord: Slik diskusjonen med ujevne mellomrom gikk i ti-årene før det endelige vedtaket i 1992, ville det til enhver tid med en viss rett kunne sies at Gardermoen kunne være et alternativ som fremtidig hovedflyplass i Norge. Dette er ikke tilstrekkelig til at det i denne perioden kan anses å ha vært ventelig at Gardermoen ble hovedflyplass.
Jeg konkluderer etter dette på samme måte som lagmannsretten med at det forut for Stortingets vedtak 8. oktober 1992 ikke var ventelig at Gardermoen ville bli hovedflyplass, med de særlige støyulemper som dette ville føre med seg.”
Hva sier tidligere rettspraksis om hva som er “venteleg”?
Rt. 1969 s. 643 (Motorvei i Fana). Rt. 1965 s. 389 (kraftleidning). Rt. 1981 s. 343
Omsynet til tidsprioriteten. Rt. 1974 s. 524 (“Fornebu-dommen”) Rt. 1973 s. 1192 (Bodø-dommen) og Rt. 1977 s. 1155 (Flesland-dommen).
Praksis stilte små krav for at den seinare utviklinga skulle vera ”venteleg”. Gardermo-domen synest å representera ei viss endring og oppklaring av omgrepet.
Tilhøvet til «tidsprioriteten» – det vil seia spørsmålet om kva ein måtte vera budd på då ein overtok eigedomen.
Hva følger av ‘vanlege utnyttingsmåtar “på slike stader”’?
Skal leggjast vekt på om ulempa er verre enn det er venteleg av andre ulemper
Døme: Lukt frå oppdrettsanlegg i landbruksområde
Støy frå ei verksemd i område som elles er støybelasta, eller der støy er venteleg
Verknaden av den allmenne samfunnsutviklinga. Kan både gå i retning av mildare tolegrense (urbanisering og industrialisering) og strengare tolegrense (ny teknologi, velstandsutvikling m.m.)
Hva ligger i kravet til best mulig teknologi? Hvilke dommer sier noe om dette?
Kva som er teknisk og økonomisk mogeleg er også relevant i høve til vurderinga av kva som er urimeleg.
Miljørettsleg prinsipp – best mogeleg teknologi for å redusera ulempa
- Rt. 1972 s. 142 (Jarnverket)
- Rt. 1971 s. 378 (Grisehusdomen – spørsmål om ventilasjonsanlegget var godt nok
Hva ligger i ‘hensyet til naturmangfaldet på staden’?
Nytt kriterium innført med naturmangfaldslova
Innføring av prinsippet om bærekraftig utvikling i granneretten
Kan føra til ei anna vurdering av saker som til dømes gjeld fjerning av tre, slik at det blir vanskelegare
Kan på den andre sida styrka grannevernet der dette fell saman med vern av biodiversitetsomsyn. Kan til dømes ein granne påberopa seg at eit tiltak vil ha negative verknader for fuglebestanden på hans eigedom?
Vernar ei interesse som ikkje berre er granneinteresse. Retten skal vurdera dette av eige tiltak sjølv om omsynet ikkje er påberopt
Hva reguleres i Grannelova § 2, 4. ledd?
Ein regel der all venteleg ulempe må aksepterast vil kunne slå urimeleg ut i einskildsaker
Føresegna i § 2 fjerde ledd gjev ei særregulering for å fanga opp visse særtilfelle der ei venteleg ulempe er svært høg.
Svært høg tolegrense dersom ulempa var ”venteleg,” Rt. 2006 s. 486.
Kravet til «avgrensa krins av personar».
Rt. 2002 s. 1080 (trekantsambandet), jf. Rt 1996 s. 232