Thoraxkir. Flashcards
Kva for forhold favoriserer TAVI over AVR ved aortastenose?
Høg EuroSCORE (>4%), alder >75, alvorlig komorbiditet, tidlegare hjertekirurgi og ved store mengder kalk i aortarota.
Kva for tilstandar disponerer for aortainsuff.?
Dilatasjon av aortarota/ aorta ascendens (f.eks. aneurysme eller disseksjon), bindevevssjukdommar som Marfans og endokarditt.
Når er kirurgi indisert ved alvorlig aortastenose?
Areal på klaffeostiet <1 cm2 og middelgradient >40 mmHg + symptom.
Vanlegaste årsaker til aortastenose?
Kalsifisering hos dei eldste og medfødte defektar hos dei yngste pasientane.
Kor ofte må pasientar med asymptomatisk aortastenose kontrollerast?
Kontroll med ekko etter 1/2 år ved nyoppdaga aortastenose uten symptom.
Hvis ingen forandring/symptom ved neste kontroll er det nok med årlige kontrollar.
Kva for typar kirurgi kan vere aktuelt ved mitralinsuffisiens?
Mitralplastikk og evt. innsetting av mitralring.
I uttalte tilfeller kan MVR (ventil- implantasjon) bli aktuelt.
Kva er flail chest?
Segment i thoraxveggen som er laust pga. fraktur av tre eller fleire ribbein på to eller fleire stadar.
Paradoksal bevegelse av thoraxveggen ved respirasjon.
Korleis manifesterer lungekontusjon? Korleis utrede?
Sekundært til traume.
Gir dyspne og hypoksi som utvikler seg innan 48 timar etter traumet. Intrapulmonal shunting med lav PaO2.
Sikre luftveiar, gi O2 på maske, vurdér behov for intubasjon.
Omtrentlig kor stor andel får cerebrale kompl. etter thoraxkirurgi? Og kva typar er vanlegast?
Rundt 5%. Dei fleste får mildare symptom som forbigåande redusert kognitiv funksjon, personlighets- forandringar, hukommelsestap osv.
Ein del får også fokale skader pga. embolisering.
Kva for undersøkelse er indisert før thoraxkirurgi hos pas. >70 år?
UL halskar ettersom karotisstenose aukar risikoen for prosedyrerelarerte slag.
I tillegg må alle i denne aldersgruppa også gjennom lungefunksjonstesting pre-operativt.
Kor går omtrentlig grensa for kor lav lungefunksjon som er akseptabelt ved thoraxkirurgi?
Ved FVC og FEV1 <50% er kirurgi som regel utelukka
Korleis behandlast type A aortadisseksjon?
Åpen kirurgi med hjerte-lunge-maskin i djup hypotermi og antegrad perfusjon. Ein erstattar aorta ascendens med eit rørgraft kor ein syr inn koronarostia og evt. også erstattar aortaklaffen.
Kva for syndrom er assosiert med thorakal aortadisseksjon?
Marfans og Loeys-Dietz syndrom.
Hvilken type aortadisseksjon er vanlegast? Kva er dei viktigaste risikofaktorane?
Type A disseksjon (involverer aorta ascendens).
Røyking, hypertensjon og bindevevssjukdom. Rundt 80% er menn.
Når er det typisk indikasjon for thoraxdren ved pneumothorax?
Hvis pneumothoraxkappe >2 cm og symptom -> forsøk aspirasjon først.
Hvis vedvarande pneumothorax og resp.besvær -> thoraxdren.
Kor lenge er dobbel platehemming indisert etter TAVI?
3 mnd.
Nevn nokre årsaker til pleuravæske?
Pneumoni, pleuritt, hjertesvikt, lungecancer, chylothorax, blødning, nefrotisk syndrom, metastaser.
Når kan pneumothorax behandlast konservativt?
Ved apikal pneumothorax på < 2-3 cm med feste lateralt.
Kontroll rtg. thorax påfølgande dag.