Gynekologi og Obstetrikk Flashcards
Mastitt, afebril og uten åpenbare tegn til infeksjon. Kva er behandling?
Fortsette å amme/tømme brystet, smertelindre med Paracet og bruke varme kompressar
Ved bruk av østrogenholdige P-pillar. Må desse seponerast før elektiv kirurgi, og isåfall når?
Ja, ved større kirurgiske inngrep bør dei seponerast 4 veker i forkant. Hvis ikkje må pasienten ha thromboseprofylakse med LMWH.
Når i menstruasjonssyklus skal/kan ein kopparspiral setter inn?
Kan settast inn når som helst i syklus, og seinare enn 4 veker post-partum.
Kva er førstevalgsmed. for behandling av svangerskapsindusert hypertensjon?
Labetalol (Trandate) eller metyldopa.
Kliniske tegn på pre-eklampsi?
Hypertensjon og proteinuri (evt. også ødem) etter 20 svangerskapsveke.
Korleis presentere typisk truande abort / spontan abort?
Milde-moderate supra-pubiske smerter av menstruasjonslignande karakter, ofte ledsaga av blødningar av varierande omfang med eller uten koaglar.
Karakteristiske symptom og funn ved ekstrauterin graviditet?
Kvinne som etter ei lengre periode med amenorré presenterer med til dels sterke, lave magesmerter som ofte lateraliserer til ei side. Sterke smerter ved palpasjon. Blødning.
P-piller og kirurgi. Korleis forholde seg til dette?
Seponere 4 veker før kirurgi, start opp igjen 2 veker etter. Både kirurgi og p-piller disponerer for venethrombose.
Behandling ved endometriose?
Kirurgisk -> laparoskopi med fjerning av ektopisk vev.
Medikamentell -> NSAIDS som smertelindring. P-piller er førstevalg ved hormonbehandling.
Kva er Rotterdamkriteria for diagnosering av PCOS?
- Polycystiske ovarier på ultralyd
- Kliniske (hirsutisme, akne) eller biokjemiske tegn til hyperandrogenisme (økt testosteron)
- Oligo- eller anovulasjon
To av tre må vere tilstades for å oppfylle diagnosekriteria
Ved påvist PCOS, kva andre tilstandar må ein kontrollere/teste for?
Lipidstatus og glukose- toleranse (HbA1c eller fastande blodglukose).
Kva er behandlinga av PCOS?
Vektreduksjon gir ofte betydelig reduksjon av symptom ved overvekt.
Hvis inget barneønske -> P-piller.
Dersom hovedproblemet er infertilitet, kan metformin ha effekt på dette og også ha positiv effekt på insulinresistens.
Kva for antibiotika er kontraindisert under svangerskap, og evt. når i svangerskapet?
Trimetoprim -> ikkje bruk i første trimester.
Sulfa (f.eks. Bactrim) -> ikkje den siste mnd. av svangerskapet.
Fluorokinolonar og aminoglykosider er kontraindisert i heile svangerskapet.
Kva meinast med “thirs stage of delivery”?
Når placenta forløsast
Gi dei tre stadia av fødselen.
1) Fra av ekte rier til cervix fullt dilatert.
2) Fra cervix er fullt dilatert til barnet er forløst.
3) Når placenta blir forløst.
Kva karakteriserer Meigs syndrom?
Ein eller fleire tumores (oftast fibrom) på eggstokk(ar), ascites og pleuraeffusjon (unilateral).
Korleis definerast oligomenoré? Metroragi?
Oligomenoré -> blødningsintervall >35 dagar (men kortare enn 3 mnd.)
Metroragi -> alle typar uregelmessige blødningar, inkl. mellomblødningar og post-coitale blødningar.
Kva er vanlege årsaker til vedvarande oligomenoré?
PCOS, overvekt og rett etter menarke er det også relativt vanlig.
Kva er menoragi? Kva er mulig årsaker?
Unormalt store blødningar (>80 mL) og/eller langvarige menstruasjons blødningar.
Kan skyldast bruk av spiral, myom i uterus, koagulasjonsforstyrrelsar eller endokrine forstyrrelsar.
Korleis kan ein behandle menoragi med avklart årsak?
P-piller vil redusere blødningsmengda. Cyklokapron kan redusere blødning med 30-50%, og det samme kan NSAIDS.
Myom kan fjernast etter gjeldande retningslinjer.
Kva er den vanlegaste årsaken til post-menopausale blødningar? Kva for tilstandar må utelukkast?
Det vanlegaste er atrofi av slimhinner pga. bortfall av østrogenstimulering.
Cancer må alltid utelukkast, og då hyppigast endometriecancer.
Korleis kan atrofisk vaginitt behandlast?
Østriol krem/vagitorium.
Kva er dei vanlegaste årsakene til dysmenoré?
Bruk av spiral, endometriose og adenomyose.
Korleis kan dysmenoré oftast handterast?
Som regel er NSAIDS tilstrekkelig. Ved behov for prevensjon er P-piller eit godt alternativ då anovulasjon gjer smertene mindre.
Ved mistanke om endometriose skal pasienten henvisast til gynekolog.
Kva for faktorar aukar risikoen for ektopisk graviditet?
Høg alder, tidlegare XU, tidlegare salpingittar, sponanabortar og kirurgiske inngrep i underlivet.