F8 - Kredittvurdering - syntetisk rating Flashcards
FLEIP ELLER FAKTA?
Eit nøkkeltal er eit rekneskapstal som gjev særskild innsikt i underliggande økonomiske forhold - og er anten 1) eit absolutt rekneskapstal som nettoresultatet, eller 2) eit forholdstal som eigenkapitalrentabiliteten
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Eit forholdstal er eit relativt forhold mellom vanlegvis to rekneskapstal som gjev god innsikt i underliggande risiko eller rentabilitet
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Analyse av likviditet fokuserer på kortsiktig kredittrisiko, dvs. om verksemda har likvide midlar til å dekke krav etter kvart som dei forfell til betaling
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Analyse av soliditet fokuserer på langsiktig kredittrisiko, dvs. om verksemda er finansiert slik at ho har evne til å stå imot ein relativt lang periode med tap
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Kredittrisikoen vert oppsummert gjennom syntetisk rating der verksemda får ein karakter i høve til underliggande selskapsspesifikk risiko
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Analyse av lønsemd startar med å utvikle ein målestokk for kva som er god lønsemd - eller altså eit krav til avkastning på kapitalen
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Analyse av lønsemd fokuserer på om rentabiliteten er større enn kravet til avkastning - og på å forklare underliggande kjelder til superrentabilitet gjennom dekomponering
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Rekneskapstal kan fungerer som faresignal, eller altså raude flagg som kan varsle finansiell krise og konkurs
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Ratinga vert nytta i vurdering av lån/utlån, dvs. prising av kredittrisiko i lånerenta og dermed i kravet til finansiell gjeld
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Analyse av likviditet har som mål å kartlegge om verksemda har nok likvide midlar til å dekkje krav etterkvart som dei forfell til betaling - eller om det er sannsynleg at verksemda kjem i ein likviditetsskvis på kort sikt med fare for konkurs
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Dess meir likviditet i høve til krav som forfell til betaling, dess lågare likviditetsrisiko
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Analyse av soliditet har som mål å kartlegge om verksemda har økonomiske ressursar til å stå mot framtidige tap
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Tap vert førte mot eigenkapitalen - og eigenkapitalen fungerer difor som ei støytpute mot framtidige tap og konkurs
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Soliditetsrisiko er faren for at verksemda ikkje har finansiering til å stå imot ein lenger periode med tap
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Dess meir eigenkapital i høve til totalkapital, dess meir skjerma er långjevarane for tap
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Høg eigenkapitalprosent er bra
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Analyse av lønsemd er ein del av soliditetsanalysen
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Eigenkapitalen er ein buffer mot tap, slik at eigenkapitalen og dermed soliditeten vert forvitra av dårleg lønsemd
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Statisk finansieringsanalyse syner korleis verksemda (eigedelane) vert finansiert med kapital på eit gjeve tidspunkt - og er gjerne uttrykk i form av ei finansieringsmatrise
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Dess snarare kurven i finansieringsmatrisa går i botn, dess mindre risikable og dess meir solid er finansieringa
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Analyse av risiko - både kortsiktig likviditetsrisiko og langsiktig soliditetsrisiko kan oppsummerast gjennom ein karakter på risikoen. Dette vert kalla syntetisk rating
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Kredittrating er organisert kredittvurdering i regi av ei verksemd som spesialiserer seg på kredittvurdering
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Vi kan gjennomføre ei syntetisk rating for verksemder som ikkje vert rata av ratingverksemder
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Syntetisk rating inneber at vi prøver å klassifisere verksemda i rett risikoklasse på basis av forholdstalsanalyse, særleg likviditets- og soliditetsanalyse
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Fire forholdstal knytte til risiko gjev ein indikasjon på ratinga, men det er den samla risikoanalysen, inkludert strategisk analyse, som er avgjerande for den endelege ratinga
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
FAKTA