F7 - Justering av målefeil - FLEIP ELLER FAKTA Flashcards
FLEIP ELLER FAKTA?
Justering for målefeil er først og fremst å få inn manglande investert kapital i balansen. Manglane kapital kan vere forsking og utviklingskapital, merkevarekapital og leigekapital
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Det er mange justeringar som i prinsippet kan vere aktuelle, men det er vanleg å justere for nokre få forhold – dei absolutt viktigaste
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Konsulentselskapet Stern Value Management har ei lang liste med moglege justeringar, men som oftast kokar dette ned til om lag 3-5 konkrete justeringar, sjølv for store verksemder i internasjonal samanheng
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Problemet med justering ut i frå eit kreditororientert perspektiv er at vi får luftige verdiar inn i balansen som truleg vil forsvinne med eventuell finansiell krise og konkurs. Soliditeten kan difor bli overvurdert
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Forsking og utviklingskostnader vert flytta frå andre driftskostnader til avskriving. Det vert difor ingen verknad i resultatrekneskapen, altså på netto driftsresultatet
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Det er svært vanskeleg i praksis å ha ei konkret formeining om korrekt periodisering av forsking og utviklingskapitalen i det einskilde år. Det vi har ei konkret formeining om er at kapitalen er undervurdert – og berre det
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Ved kapitalisering av forsking og utvikling nyttar vi den gjennomsnittlege forskings- og utviklingskostnaden
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Det er svært vanskeleg i praksis å ha ei konkret formeining om kor stor forskings- og utviklingskapitalen er i det einskilde år. Derfor kapitaliserer vi berre ein gjennomsnittskapital basert på ei kapitalisering av gjennomsnittleg forsking og utvikling over rekneskapsperioden
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Ved kapitalisering av forsking og utvikling nyttar vi den gjennomsnittlege forskings- og utviklingskostnaden
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Marknadsføringskostnaden vert flytta frå andre driftskostnader til avskriving og har dermed ingen verknad på resultatet, altså netto driftsresultatet
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Gjennomsnittleg merkevarekapital er lik gjennomsnittleg avskriving multiplisert med gjennomsnittleg attverande levetid
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Kostmodellen er eit måleideal ved justering av netto driftseigedelar
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Verdimodellen er eit måleideal ved justering av netto finansiell gjeld
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Kostmodellen er eit ideal for justering av eigedelar og gjeld som vert haldne til forfall.
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Kostmodellen er eit ideal for justering av eigedelar og gjeld som vert haldne til forfall, fordi ved kostmåling vert eigenkapitalrentabiliteten eit mål på internrenta til alle investerings- og finansieringsprosjekt i verksemda og dermed eit mål på faktisk rentabilitet
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Rapportering til kost gjev faktisk rentabilitet
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Måling etter kostmodellen gjer at målt rentabilitet er lik faktisk rentabilitet på investert kapital pluss målestøy
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Det er svært vanskeleg i praksis å ha ei konkret formeining om kor stor forskings- og utviklingskapitalen er i det einskilde år. Derfor kapitaliserer vi berre ein gjennomsnittskapital basert på ei kapitalisering av gjennomsnittleg forsking og utvikling over rekneskapsperioden
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Årleg avskriving av ein kapital er lik kapitalen delt på attverande levetid, slik at kapitalen er lik avskriving multiplisert med attverande levertid
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Ved balanseføring av marknadsføring legg vi til grunn at direkte kostnadsført langsiktig marknadsføring er lik avskriving på merkevarekapital
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Faktisk rentabilitet er relevant når fortid seier noko om framtid. Rentabiliteten held då fram med ei viss tilbakevending til gjennomsnittet over tid
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Beste prognose på framtidig rentabilitet avheng av historisk rentabilitet
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Kostmodellen er mest aktuelt for drift, dvs. for netto driftseigedelar
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Drift kan skape bransje- og ressursorienterte strategiske fordelar. Fordelane kan vere mellombelse eller varige – og såleis venta å halde fram i framtida
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Superrentabiliteten vil i stor utstrekning halde fram, men med klar tendens til mean reversion
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Måling til faktisk eller historisk lønsemd med ei viss normalisert av eingongspostar er difor mest aktuelt for drift, dvs. for netto driftseigedelar
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Justering er å endre på rapporterte rekneskapstal slik at dei betre reflekterer underliggjande, økonomiske tilhøve
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Justering går ut på at vi overstyrer rapporterte rekneskapstal gjennom vår analyse og justering av målefeil. Tala vert endra av deg som analytikar
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Målet med justering og omgruppering er at årsrekneskapet skal gje ei betre avbilding av underliggande, økonomiske forhold enn den omgrupperte årsrekneskapen
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Målsetjinga om at justering og omgruppert årsrekneskap skal gje ei betre avbilding av underliggande, økonomiske forhold enn omgruppert årsrekneskap er svært ambisiøs. Årsaka er at vi som eksterne analytikarar er outsiderar som har dårlegare informasjon om underliggjande, økonomiske forhold enn insiderar i verksemda som utarbeider og offentleggjer årsrekneskapen. Nokre vil difor hevde – kanskje med rette – at justering er lite meiningsfylt då vi sannsynlegvis berre tilfører endå meir støy i tala
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Årsaker til ikkje å justere offentleggjorde rekneskapstal er
1) God rekneskapsskikk er god nok! Treng difor ikkje å justere for målefeil, i alle fall så lenge det ikkje er mistanke om openberr kreativ rekneskapsføring – altså MF3
2) Målefeil av type 1 er ikkje noko problem – tvert om. Målefeil av type 2 vert kraftig redusert gjennom ei mengd særperiodiseringar av kost innanfor god rekneskapsskikk
3) Verdivurdering av verksemda kan basere seg på rekneskapstal med målefeil, til dømes berre kontantstraumen. Vi kan lage gode verdiestimat likevel
4) … eller generelt at kostnaden ved justering er større enn nytten
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Penman (2013) syntest ikkje å vere ein stor tilhengar av justering, då han ikkje omtaler dette?
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Grunnlaget for å justere offentleggjorde rekneskapstal er at
1) god rekneskapsskikk ikkje alltid er god nok. Det er difor naudsynt å justere for visse målefeil – og ikkje berre ved openberr mistanke om kreativ rekneskapsføring – altså MF3
2) Målefeil av type 2, spesielt manglande balanseføring (konservatisme), kan potensielt skape store problem då rentabiliteten vert tilslørt
3) Verdivurdering kan ta utgangspunkt i historiske rekneskapstal med målefeil, men dersom innsikta vår frå analyse av desse rekneskapstala vert tilslørt kan det føre til systematiske skeive verdiestimat gjennom feil framskriving og budsjettering
4) … eller generelt at nytten ved justering er større enn kostnaden
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Palepu, Healy og Peek (2016) er tilhengarar av justering, då dei omtaler og gjev døme
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Målet i strategisk rekneskapsanalyse er at den målte strategiske fordelen skal reflektere underliggjande strategisk fordel så godt som råd, dvs. utan ekstra målefeil
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Verdimodellen er eit ideal for justering av eigedelar og gjeld som er tilgjengelege for sal
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Verdimodellen er eit ideal for justering av eigedelar og gjeld som er tilgjengelege for sal fordi ved verdimåling vert normalisert eigenkapitalrentabilitet eit mål på kravet til investerings- og finansieringsprosjektet og dermed eit mål på alternativrentabiliteten til verksemda
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Rapportering til verkeleg verdi gjer at rentabiliteten er lik rentabilitet i alternativ bruk pluss målestøy, dvs. lik ein hypotetisk rentabilitet som berre er aktuell ved sal – eller lik ein normalisert rentabilitet i form av avkastningskravet
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Alternativ rentabilitet er relevant når fortid ikkje seier noko om framtid
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Finansielle långjevarar er opptekne av kredittrisiko i form av sannsynet for konkurs og tapsprosenten, som avheng av likvidasjons- og substansverdiar. Dermed kan finansielle långjevarar i større grad enn investorar ynskje å justere 1) netto driftsmidlar mot konservativ kost (=korrekt historisk kost ved avvikling) – og 2) netto finansiell gjeld mot exit- eller salsverdi (fair value)
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Ved justering for kreditororientert analyse bør vi vere forsiktige med å justere luftige verdiar inn i balansen, til dømes forsking og utvikling og marknadsføring
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Manglande balanseføring av immaterielle investeringar fører til at eigenkapitalrentabiliteten er overvurdert
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
FAKTA