F3 - Rekneskapsanalyse; rammeverk og "trailing" Flashcards
FLEIP ELLER FAKTA?
Rekneskapsanalyse er å avdekke og klargjere (Kinserdal)
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Innskytarar av kapital, styresmakter, interessentar i driftssyklusen og samfunnet elles er alle brukarar av rekneskapsinformasjon
FAKTA
Kven av brukarane av finansrekneskapsinformasjon er fokus i kruset?
Kapitalinnskytarane – og dei som analyserer på vegner av kapitalinnskytarane, dvs finans- og kredittanalytikarane
FLEIP ELLER FAKTA?
Kredittrisiko er faren for at lånet pluss rentebetaling heilt eller delvis vert misleghalde - og slik påfører långjevar tap gjennom gjeldsforhandling eller konkurs
FAKTA?
Gjer greie for rammeverket for rekneskapsanalyse
1) “Trailing” årsrekneskap - utarbeid “trailing” årsrekneskap for inneverande eller seinaste år
2) Omgruppering for analyse - omgrupper finansrekneskapen for investor- og kreditororientert analyse
3) Analyse og justering av målefeil - analyser målefeil i dei omgrupperte rekneskapstala - og juster dei for eventuelle vesentlege målefeil
4) Analyse av forholdstal - risiko og rentabilitet - kartlegg underliggjande tilhøve ved hjelp av målretta forholdstalsanalyse, både risiko og superrentabilitet
FLEIP ELLER FAKTA? Forholdstalsanalyse er ei analyse for å få innsikt om risiko og superrentabilitet
FAKTA
Nemn rammeverket for forholdstalsanalyse?
1) Analyse av risiko
2) Analyse av rentabilitet
Nemn rammeverket for analyse av risiko?
- 1) Analyse av likviditet
- 2) Analyse av soliditet
- 3) Syntetisk rating
FLEIP ELLER FAKTA?
Analyse av likviditet fokuserer på kortsiktig kredittrisiko, dvs. om verksemda har likvide midlar til å dekke krav etterkvart som dei forfell til betaling
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Analyse av soliditet fokuserer på langsiktig kredittrisiko, dvs. om verksemda er finansiert slik at ho har evne til å stå imot ein relativt lang periode med tap
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Kredittrisikoen vert oppsummert gjennom syntetisk rating der verksemda får ein karakter i høve til underliggande selskapsspesifikk
risiko
FAKTA
Nemn rammeverket for analyse av rentabilitet
1) Analyse av krav
2) Analyse av superrentabilitet
FLEIP ELLER FAKTA?
Analyse av rentabilitet startar med å utvikle ein målestokk for kva som er god lønsemd – eller altså eit krav til avkastning på kapital
Analyse av rentabilitet startar med å utvikle ein målestokk for kva som er god lønsemd – eller altså eit krav til avkastning på kapital
FLEIP ELLER FAKTA?
Analyse av rentabilitet fokuserer på om rentabiliteten r er større enn kravet til avkasting k – altså om der er superrentabilitet – og på å forklare underliggande kjelder til superrentabilitet gjennom dekomponering
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Långjevar yt kreditt og får rente
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Eit av fokuset til långjevar er om verdien av eigedelane er stor nok slik at långjevarane får utlånte pengar tilbake om det skulle gå gale
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Eit av fokuset til långjevar er om lånerente reflekterer risikoen for at det kan gå gale og at verksemda går konkurs
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Forholdstalsanalyse er ei analyse for å få innsikt om risiko og superrentabilitet
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Verksemder som har svært ulike forretningsområde, bør analyserast forretningsområde for forretningsområde - og ikkje samla
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Verksemder som har svært ulike forretningsområde, bør analyserast forretningsområde for forretningsområde - og ikkje samla - men tilgangen på rekneskapsinformasjon fordelt på forretningsområde er ofte svært avgrensa
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Ved rekneskapsanalyse bør vi normalt nytte konsernrekneskapen - og ikkje selskapsrekneskapen til morselskapet, då konsernrekneskapen femnar omfanget på verksemda betre
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Ved praktisk rekneskapsanalyse må vi velje kor langt bakover i tid vil skal analysere. Valet av analyseperiode avheng av om verksemda har vore stabil - eller om ho har endra karakter over tid
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Dersom verksemda driv med det same over tid, bør vi velje en relativt lang analyseperiode - til dømes 10 år - sidan vi då får ein lang tidsserie av forholdstal
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
Dersom verksemda endrar seg over tid - til dømes gjennom oppkjøp av nye forretningsområde - bør vi velje ein relativt kort horisont - til dømes 4 år - fordi eldre rekneskapstal er lite representative for dagens verksemd
FAKTA