F13 - Framtidsrekneskap; ramme og driftsinntekter Flashcards
Rammeverk for framtidsrekneskap
1) Analyse av vekst
2) Val av budsjetthorisont T
3) Budsjettering frå år 1 til år T
4) Konstant vekst etter år T
div
Driftsinntektsvekst
FLEIP ELLER FAKTA?
«Budsjetthorisonten er det året (år T) der budsjetteringa går frå fullstendig til enkel framskriving ved at alle budsjettdrivarane er konstante – og verksemda er såleis i steady state»
FAKTA
Nemn minst to forhold som er avgjerande for val av budsjetthorisont
1) Tid til “steady state”, dvs. til det tidspunktet der konstant vekst er ei rimeleg tilnærming
2) Kvaliteten på rekneskapsføringa
STIKKORD: Tid til steady state, kvalitet på rekneskapsføring
FLEIP ELLER FAKTA?
«Steady state oppstår når veksten er konstant, dvs. på det tidspunkt det er rimeleg å tilnærme veksten til verksemda med maksimalt den langsiktige veksten i økonomien generelt. Kor lang tid dette tek avheng av om bransjen er ein vekstbransje - eller om bransjen er tilnærma i steady state»
FAKTA
STIKKORD: Konstant vekst
FLEIP ELLER FAKTA?
«Dess nærare verksemda er konstant vekst, dess kortare treng T å vere»
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
«Driftsinntektsveksten (div) avgjer storleiken på verksemda i framtida og er på mange måtar den grunnleggjande budsjettdrivaren»
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
«Budsjettering startar med analyse av driftsinntektsvekst - eller meir generelt vekstanalyse»
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
«Historisk vekst gjev innsikt om framtidig vekst»
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
«Verksemder som opererer i modne og stabile bransjar, kan vere tilnærma i steady state»
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
«Dess meir verdibasert rekneskapsføring, dess kortare treng budsjetthorisontent å vere for å gange opp verdiane»
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
«Driftskostnadsveksten (dkv) avgjer storleiken på verksemda i framtida og er på mange måtar den grunnleggjande budsjettdrivaren»
FLEIP
RIKTIG SVAR: Driftsinntektsveksten (div) avgjer storleiken på verksemda i framtida og er på mange måtar den grunnleggjande budsjettdrivaren
FLEIP ELLER FAKTA?
«Dess nærare verksemda er konstant vekst, dess lenger treng T å vere»
FLEIP
RIKTIG SVAR: Dess nærare verksemda er konstant vekst, dess kortare treng T å vere
FLEIP ELLER FAKTA?
«Steady state oppstår når veksten er konstant»
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
«Steady state oppstår på det tidspunkt det er rimeleg å tilnærme veksten til verksemda med maksimalt den langsiktige veksten i økonomien generelt»
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
«Ved fundamental verdivurdering legg vi til grunn at alle kontantstraumar skjer den 31.12 slik at rentabilitet skal reknast på inngåande kapital»
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
«Ved fundamental verdivurdering legg vi til grunn at alle kontantstraumar skjer den 01.01 slik at rentabilitet skal reknast på utgåande kapital»
FLEIP
RIKTIG SVAR: Ved fundamental verdivurdering legg vi til grunn at alle kontantstraumar skjer den 31.12 slik at rentabilitet skal reknast på inngåande kapital
FLEIP ELLER FAKTA?
«Det er vanlegvis ingen unormale postar i budsjettet, men dersom vi til dømes får informasjon om ei nedskriving i første budsjettår bør ho byggast inn som unormal post»
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
«Mange rekneskapstal har ein tendens til å vere tilbakevendande til gjennomsnittet i bransjen eller gjennomsnittet over tid»
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
«Basert på strategisk rekneskapsanalyse kan vi ha ei korrekt formeining om kva som vil skje med ein budsjettdrivar ein eller kanskje to-tre periodar fram i tid»
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
«Resultatvekst vert driven av driftsinntektsvekst og bremsa av kostnadsvekst»
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
«Vekst i driftsinntektene er den fremste årsaka til vekst i resultatet. Den andre årsaka er kostnadskutt»
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
«Resultatet er den fremste årsaka til vekst i eigenkapital. Den andre årsaka er innskot»
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
«Verksemder som lykkast opplever typisk først ein vekstfase gjerne med ein svært høg vekst i til dømes omsetnad, deretter ein moden fase med moderat vekst, før verksemda stagnerer»
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
«Sidan ingen verksemder på sikt kan vekse raskare enn økonomien samla, vil verksemder som veks svært raskt før eller seinare møte redusert vekst. Veksten er altså tilbakevendande til gjennomsnittet (mean reverting)»
FAKTA
FLEIP ELLER FAKTA?
«Budsjettering startar med val av budsjetthorisont T»
FLEIP
RIKTIG SVAR: Budsjettering startar med analyse av driftsinntektsvekst - eller meir generelt vekstanalyse
FLEIP ELLER FAKTA?
Steady state er det tidspunktet der konstant vekst er ei rimeleg tilnærming
FAKTA