F13 - Framtidsrekneskap; ramme og driftsinntekter - (FYLL UT TOMME FELT) Flashcards
«__________ er det året (år T) der budsjetteringa går frå fullstendig til enkel framskriving ved at alle budsjettdrivarane er konstante – og verksemda er såleis i steady state»
Budsjetthorisonten
«__________ oppstår når veksten er konstant, dvs. på det tidspunkt det er rimeleg å tilnærme veksten til verksemda med maksimalt den langsiktige veksten i økonomien generelt. Kor lang tid dette tek avheng av om bransjen er ein vekstbransje - eller om bransjen er tilnærma i steady state»
Steady state
«Dess nærare verksemda er __________, dess kortare treng T å vere»
konstant vekst
«__________ avgjer storleiken på verksemda i framtida og er på mange måtar den grunnleggjande budsjettdrivaren»
Driftsinntektsveksten (div)
«__________ startar med analyse av driftsinntektsvekst - eller meir generelt vekstanalyse»
Budsjettering
«Verksemder som opererer i modne og stabile bransjar, kan vere tilnærma i __________»
steady state
«Dess meir verdibasert rekneskapsføring, dess kortare treng __________ å vere for å gange opp verdiane»
budsjetthorisontent
« __________ oppstår når veksten er konstant»
Steady state
«__________ oppstår på det tidspunkt det er rimeleg å tilnærme veksten til verksemda med maksimalt den langsiktige veksten i økonomien generelt»
Steady state
«Ved __________ legg vi til grunn at alle kontantstraumar skjer den 31.12 slik at rentabilitet skal reknast på inngåande kapital»
fundamental verdivurdering
«Det er vanlegvis ingen __________ i budsjettet, men dersom vi til dømes får informasjon om ei nedskriving i første budsjettår bør ho byggast inn som unormal post»
unormale postar
«Basert på strategisk rekneskapsanalyse kan vi ha ei korrekt formeining om kva som vil skje med ein __________ ein eller kanskje to-tre periodar fram i tid»
budsjettdrivar
«Resultatvekst vert driven av __________ og bremsa av kostnadsvekst»
driftsinntektsvekst
«Vekst i __________ er den fremste årsaka til vekst i resultatet. Den andre årsaka er kostnadskutt»
driftsinntektene
«__________ er den fremste årsaka til vekst i eigenkapital. Den andre årsaka er innskot»
Resultatet
«Verksemder som lykkast opplever typisk først ein (1) __________ gjerne med ein svært høg vekst i til dømes omsetnad, deretter ein (2) __________ fase med moderat vekst, før verksemda __________»
(1) vekstfase
(2) moden
(3) stagnerer
«Sidan ingen verksemder på sikt kan vekse raskare enn økonomien samla, vil verksemder som veks svært raskt før eller seinare møte redusert vekst. Veksten er altså tilbakevendande til gjennomsnittet (__________)
mean reverting