F5 - Omgruppering; balanse og kontantstraum Flashcards
Gjer greie for rammeverket for omgruppering av balansen
1) Eventuelt avsett utbyte = eigenkapital, ikkje gjeld
2) Klargjer kva som er drift og finansiering i totalbalansen
3) Frå totalbalanse til sysselsett kapital
4) Frå sysselsett kapital til netto driftskapital
Kva er gjeld?
Gjeld er krav – finansielle eller driftsrelaterte, legale eller frivillige – som er venta å føre til økonomiske ulemper for verksemda i framtida
Er avsett utbyte rekna som gjeld eller eigenkapital innanfor Investororientert rekneskapsanalyse?
Investororientert rekneskapsanalyse har eit eigarsyn – og difor er ikkje avsett utbyte gjeld, men eigenkapital som snart skal betalast tilbake til eigarane
Kva inngår i “betalt utbyte i år”?
Betalt utbyte i år = føreslått utbyte for fjoråret + avvik mellom betalt i år og føreslått for fjoråret
Er det naudsynt med omgruppering av utbyte?
Det er difor vanlegvis ikkje naudsynt med nokon omgruppering av utbyte. Men finn vi avsett utbyte mellom kortsiktig gjeld i ein IFRS-rekneskap av di generalforsamlinga har vedteke det, men enno ikkje betalt ut utbytet, bør dette tilbakeførast til EK
Kva seier IFRS om utbetalt utbyte?
Etter IFRS vert det ikkje avsett for føreslått utbyte som kortsiktig gjeld, men avsett først når generalforsamlinga har vedteke utbytet. Det inne- ber at eigenkapitalen den 31.12 har vorte redusert med det betalte utbyte i løpet av året
Kva står forkortinga «NBU» for?
Netto betalt utbyte
Korleis bør totalbalansen grupperast?
Totalbalansen bør grupperast frå ein kreditororientert balanse til ein investororientert balanse med klart fokus på drift kontra finansiering.
…eller kreditor- og investororientert…
Kva står forkortinga «DE» for?
Driftsrelaterte eigedelar
Kva står forkortinga «FE» for?
Finanielle eigedelar
Driftseigedelar kan komponerast i to. Nemn desse
- Driftsrelaterte omløpsmidlar
- Driftsrelaterte anleggsmidlar
Finansielle eigedelar kan komponerast i to. nemn desse
- Finansielle omløpsmidlar
- Finansielle anleggsmidlar
Kva står forkortinga «DG» for?
Driftsrelatert gjeld
Kva står forkortinga «FG» for?
Finansiell gjeld
Omløpsmidlar består av to komponentar. nemn desse
- Driftsrelaterte omløpsmidlar
- Finansielle omløpsmidlar
Anleggsmidlar består av to komponentar. nemn desse
- Driftsrelaterte anleggsmidlar
- Finansielle anleggsmidlar
Kortsiktig gjeld består av to komponentar. nemn desse
- Kortsiktig driftsrelatert gjeld
- Kortsiktig finansiell gjeld
Eigedelar vert delt inn i to komonentar. nemn desse
Driftsrelaterte eigedelar
Finansielle eigedelar
Kva er driftsrelaterte eigedelar?
Drift = “operasjonelle aktivitetar”. Eigedelar som inngår i driftssyklusen eller representerer infrastruktur til denne
Kva er “Finansielle eigedelar”?
- “pengeplasseringar” og andre
- driftsframande eigedelar i høve til driftssyklusen
Gje eit døme på ein finansiell eigedel
ei verksemd har ei tomt som ikkje vert nytta i verksemda, dvs til drift. ho eig tomta som ei rein pengeplassering. i dette tilfelle vil tomta vere drifts- framand og dermed ein finansiell eigedel. For å få konsistens vi til dømes leigeinntekt frå tomta vil vere ei finansinntekt
Gjeld vert delt inn i to komponentar. nemn desse
- Finansiell gjeld
- Driftsrelatert gjeld
Kva er “finansiell gjeld”?
Finansiell gjeld er lån som er oppteke hos bankar eller i «finansmark- naden» som finansiering av verksemda – og som det difor vert betalt rente på
Finansiell gjeld er tilnærma lik renteberande gjeld
Kva er “driftsrelatert gjeld”?
Driftsrelatert gjeld er lån som vert oppteken som ein del av driftssyklusen og som det
difor ikkje vert betalt rente på
Driftsrelatert gjeld er tilnærma lik ikkje-renteberande gjeld
Kva fokuserar “totalbalansen” på?
- Likviditeten til eigedelar
- Forfallstida på gjeld
Er “totalbalansen” investororientert eller kreditororientert?
Kreditororientert
Når er totalbalansen relevant?
Totalbalansen er relevant ved analyse av risiko
Kva er ein eigedel utifrå eit investorperspektiv?
Eigedelar er investeringar som skaper verdiar gjennom drift
Kva er kapital ut i frå eit investorperspektiv?
Kapital er finansiering av driftsinvesteringar
Korleis skjer ei verdiskaping ut i frå eit investorperspektiv?
Verdiskaping skjer gjennom “å investere eller sysselsette kapital - eller altså sette kapitalen i drift”
Kven kjem kapitalen ifrå? og kven er det som haustar fruktene frå “drifta”?
Kapitalen kjem frå eigenkapitalinvestorar (EK) og långjevarar (gjeld) - og det er dei som haustar fruktene var “drifta”
Kva for balanse ønskjer investorar?
Investorar ønskjer ein balanse som har eit skarpt skille mellom eigedelar nytta til drift og kapital som finansierer driftseigedelane
Korleis vert eigedelane uttrykt i den omgrupperte balansen som er meir tilpassa investorane?
Investerte driftseigedelar => netto driftseigedelar
Korleis vert kapitalen uttrykt i den omgrupperte balansen som er meir tilpassa investorane?
Investert kapital => EK + netto finansiell gjeld
Kva er det engelske omgrepet for netto driftseigdelar?
Net operating assets
Kva er det engelske omgrepet for investert kapital?
Invested capital
Kva må ein gjere for å få ein investororientert balanse?
må omgruppere balansen
frå den rapporterte totalbalansen til ein balanse som uttrykker netto driftsinvestering = netto driftskapital
Korleis vert føreslått utbyte ført etter norsk god rekneskapsskikk?
Etter norsk god rekneskapsskikk vert føreslått utbyte ført som kortsiktig gjeld fordi det føreslåtte utbyte skal betalast ut til eigarane om dei godkjenner det på komande generalforsamling
To syn for driftsrelatert gjeld. nemn desse
1) all gjeld er eigentleg renteberande og difor finansiell gjeld
2) driftsrelatert gjeld finst som eigen kategori – og rentekostnaden på denne gjelda bør rapporterast som driftskostnad
Det fins to syn for driftsrelatert gjeld. Kva syn blir tar ein utgangspunkt for i kurset?
syn 2 om at driftsrelatert gjeld finst som eigen kategori – og rentekostnaden på denne gjelda bør rapporterast som driftskostnad
Kva er eit derivat?
Derivat er finansielle instrument
Kva er «netto driftskapital»?
Netto driftskapitalen er den kapitalen som er investert i drifta – og ikkje i finansielle eigedelar
Er tilknytte og felleskontrollerte selskap ein driftsrelatert- eller finansrelatert post?
Tilknytte og felleskontrollerte selskap er vanlegvis driftstilknytte og bør såleis grupperast som driftsrelatert anlegg. Netto resultatet frå tilknytte og felleskontrollerte selskap inngår dermed i driftsresultatet.
Det at eit selskap A eig ein stor post i selskap B inneber som oftast at investeringa er “strategisk” - og såleis gjerne knytt til drift. Verksemda A ønskjer vanlegvis innverknad på drifta i verksemd B.
Men av og til vil investering i tilknytte selskap vere finansiell, særleg dersom investeringa er i verksemd heilt uavhengig av drifta til eigarselskap- et. Resultat frå tilknytte selskap er då finansinntekt
Kva vert derivat nytta til?
Derivat vert nytta til sikring av risiko – og i nokre tilfelle til spekulasjon
STIKKORD: sikring av risiko, spekulasjon
Er derivat ein driftsrelatert- eller finansrelatert post?
Dersom derivatet vert nytta til å sikre ein driftsposisjon, er det driftsrelatert. Vert det nytta til spekulasjon eller til å sikre ein finansiell posisjon, er det finansielt
står derivat under fordringar eller kortsiktig gjeld, vil vi vanlegvis gruppere
det som driftsrelatert, då vi må gå utifrå at det sikrar ein driftsposisjon – om ikkje anna er opplyst i note eller kjem fram på annan måte
Kva er nettoresultatet til minoriteten?
Netto minoritetsresultat
Kva er nettoresultatet til finansiell gjeld?
Netto finanskostnad
Kva fokuserer kontantstraumoppstillinga etter NGRS og IFRS?
Kontantstraumoppstillinga etter NGRS og IFRS fokuserer på likviditet
Er kontantstraumoppstillinga etter NGRS og IFRS mest kreditororientert eller investororientert?
Mest kreditororiontert
Kva fokus ynskjer vi i eit investororientert analyse?
i investororientert analyse vil vi ønskje fokus på kontantar skapte gjennom drift og som såleis er
«fri» til utdeling
Kva er «fri kontantstraum til ein kapital»?
Fri kontantstraum til ein kapital er den kontantstraumen som vert generert av kapitalen etter at vi har teke omsyn til reinvestering og naudsynte nyinvesteringar
Netto driftseigedelar kan splittast i to. Nemn desse.
Netto driftseigedelar kan splittast netto anleggsmidlar og driftsrelatert arbeidskapita
Netto driftseigedelar kan splittast i to. Nemn desse.
Netto driftseigedelar kan splittast netto anleggsmidlar og driftsrelatert arbeidskapita
Kva står forkortinga «NAM» for?
Netto anleggsmidlar
Kva står forkortinga «DAK» for?
Driftsrelatert arbeidskapital
Kva er «netto anleggsmidlar»?
Netto anleggsmidlar er nettoinvestering i driftsrelatert infrastruktur
Kva er «driftsrelatert arbeidskapital»?
Driftsrelatert arbeidskapital er netto investering i driftsstrukturen
Kva er «fri kontantstraum til selskapet»?
Fri kontantstraum til selskapet er fri kontantstraum frå drift slik at «selskapet» er lik netto driftskapitalen
Er pensjon ein driftsrelatert- eller finansrelatert post?
Pensjonskostnaden inngår i lønskostnaden. Lønskostnad er ein driftskostnad. Pensjonskrav er lik langsiktig driftsrelatert gjeld
Er pensjon ein driftsrelatert- eller finansrelatert post?
Pensjonskostnaden inngår i lønskostnaden. Lønskostnad er ein driftskostnad. Må vere konsistens => pensjonskrav er lik langsiktig driftsrelatert gjeld
Er diskontinuerleg verksemd ein driftsrelatert- eller finansrelatert post?
Diskontinuerleg verksemd er finans. Denne verksemda er lite relevant for framtidig drift – og er såleis driftsframand
Er kontantar og bank ein driftsrelatert post eller finansrelatert post?
Verksemder må ha likvide midlar for å drive. Difor er kontantar og bank i prinsippet driftsrelaterte eigedelar – med mindre verksemda har «for mykje» likvidar. I tilfellet er likviditetsoverskotet finansiell eigedel
Kva kan vere ei utfordring med tanke på kontantar og bank?
1) Korleis fordele kontantar og bank på driftsrelaterte og finansielle eigedelar?
2) Renteinntektene må også fordelast: renteinntekter på drifsrelaterte likvidar er driftsinntekt og renteinntekter på finansielle
likvidar er finansinntekt
Praktisk løysing kontantar + bank?
Alle likvidar er finansielle eigedelar => slepp å fordele renteinntektene
Gjer greie for synet om at driftsrelatert gjeld finst som eigen kategori – og rentekostnaden på denne gjelda bør rapporterast som driftskostnad
Finansiering av verksemda skjer på to måtar, gjennom aktive kapitalinnskot frå kapi- talmarknaden – eller indirekte som ein del av driftssyklusen. Gjelda er dermed av to typar, finansiell og driftsrelatert. Bruk av finansiell gjeld har ein finanskostnad, medan kostnaden ved bruk av driftsrelatert gjeld er naturleg innebygd i driftskostnaden. Ved å kalkulere ei rente på driftsrelatert gjeld og klassifisere ho som finanskostnad, få vi ikkje fram kostnaden ved drift
Kva kan vere ei utfordring med tanke på å fordele kontantar og bank på drift og finans?
1) Korleis fordele kontantar og bank på driftsrelaterte og finansielle eigedelar?
2) Renteinntektene må også fordelast: renteinntekter på drifsrelaterte likvidar er driftsinntekt og renteinntekter på finansielle
likvidar er finansinntekt
Gjer greie for synet om at all gjeld eigentleg er renteberande og difor finansiell gjeld
Finansiering av verksemda skjer på to måtar, gjennom aktive kapitalinnskot frå kapitalmarknaden – eller indirekte som ein del av driftssyklusen. Gjelda er dermed av to typar, finansiell og driftsrelatert. Bruk av finansiell gjeld har ein finanskostnad, medan kostnaden ved bruk av driftsrelatert gjeld er naturleg innebygd i driftskostnaden. Ved å kalkulere ei rente på driftsrelatert gjeld og klassifisere ho som finanskostnad, få vi ikkje fram kostnaden ved drift
Kva er grunnen til at det kan oppstå eit avvik mellom føreslått utbyte for fjoråret og betalt utbyte i år?
Avviket oppstår når generalforsamlinga – som fastset det endelege utbyte – vedtek eit anna utbyte enn det som er føreslått av leiinga i verksemda. Avviket kan også oppstå til dømes fordi selskapet ikkje utbetaler utbyte på eigne aksjar, men gjerne avset brutto – eller selskapet steder ut aksjar som får rett til utbyte …
Kva er sysselsett kapital?
Sysselsett kapital er den kapitalen som er skoten inn og dermed sysselsett av eigarane og av finansielle lån- gjevarar
Kva er det engelske omgrepet for sysselsett kapital?
Capital employed
Er føreslått utbyte gjeld eller eigenkapital for ei verksemd sett på som ei økonomisk eining?
For verksemda som ei økonomisk eining er føreslått utbyte gjeld
Kva er grunnen til at føreslått utbyte er gjeld for ei verksemd som ei økonomisk eining?
fordi det er eit forventa krav om å betale ut pengar til eigarane på utsida av verksemda
Er føreslått utbyte gjeld dersom verksemda «er» eigarane?
Men dersom verksemda «er» eigarane (eigarsynet), er ikkje føreslått utbyte gjeld
Kvifor er ikkje føreslått utbyte gjeld dersom verksemda «er» eigarane?
fordi eigarane verken har til gode eller krav på pengar frå seg sjølve
Kvifor er ikkje Føreslått utbyte er ikkje gjeld dersom verksemda «er» eigarane. Men kva er ho då?
?
Kva eigedelar i balansen er knytta mest til driftssyklusen?
Omløpsmidlar
Kva meiner ein med omgrepet “fri kontantstraum til ein kapital”?
Fri kontantstraum til ein kapital er den kontantstraumen som vert generert av kapitalen etter at vi har tatt omsyn til reinvestering og naudsynte nyinvesteringar