Onkologi Flashcards
Kva for bivirkning må en ALLTID regne med ved bruk av opioidar?
Obstipasjon. En skal derfor alltid starte med laksantia SAMTIDIG med opioidet, f.eks. laktulose.
Smertelindring, kva plass har paracetamol?
Paracetamol bør vere ein basiskomponent i eit kvart analgetisk regime. Maks. døgndose er 4 g. hos dei fleste, men 3 g. bør vere max. hos pasientar med leveraffeksjon eller som er sterkt avmagra.
Korleis bør ein legge opp smertelindring med opioidar?
Ein kombinasjon av eit depotpreparat fordelt på ei morgen- og kveldsdose som blir gradvis trappa opp til adekvat smertelindrende effekkt, og eit kortidsvirkande preparat tilsvarande 1/5 av den totale døgndosen som kan gis ved gjennombruddssmerter.
Nedtrapping av opioidar?
Bør foregå over 4-6 veker med ein dosereduksjon på ca. 20% pr. veke.
Hypercalcemi hos kreftpasientar. Korleis vurdere/utrede, og korleis behandle?
Mål S-albuminkorrigert kalsium eller ionisert kalsium. Kalsium transporterast bunde til albumin, og ved avvikande albuminverdiar vil ikkje fritt kalsium vere representativt.
Behandling er væske 2-3 liter daglig og evt. Furosemid. Hvis hypokalemi eller -natremi som resultat må dette korrigerast.
Kva er vena cava superior syndrom?
Okkusjon av vena cava superior, hyppigast på grunn av infiltrerande tumormasse fra lunger eller evt. lymfom.
Typiske symptom ved vena cava superior syndrom?
Halsvenestase, dyspné, hevelse i ansikt og dilaterte vener på brystveggen.
Behandling ved vena cava superior syndrom?
Dexsmethason 4 mg x 4 eller 20 mg i.v.
Direkte tumorretta behandling med cytostatika (f.eks. småcella carcinom i lunge eller lymfom) eller strålebehandling kan også vere aktuelt.
Innleggelse av stent kan også i svært alvorlige tilfeller vere nødvendig.
Kvar sitt typisk primær- tumor ved hjernemetastaser og kva er sluttbehandlinga?
Typisk lunger, melanom, bryst eller kolorektal cancer.
Behandling er dexamethason 10-20 mg i.v. initialt, deretter 4 mg x 4 p.o.
Strålebehandling har også effekt hos 50-60%.
Korleis manifesterer tumorlysesyndrom, og korleis behandlar ein det?
Skyldast hyppig frigjering av intracellulært komp. til blodbana etter stråle- eller cytostatikabehandling.
Kan gi hyperkalemi, -kalsemi, -urikemi og -fosfatemi.
Hydrering før cytostatikabehandling hvis mulig. Korrigere elektrolyttar, evt. allopurinol mot hyperurokemi og alkaliserinf av urin ved tilskudd av bikarbonat.
Kva er den viktigaste prognostiske faktoren ved langtkommen cancer?
Funksjonstatus uavhengig av alder.
Kva for ECOG-status bør pasienten med langtkommen cancer ha for at ein skal tenke at strålebehandling er hensiktsmessig?
ECOG <3.
Utredning av kolorektal cancer?
Måling av Hb, ferritin og MCV. Rektal eksplorasjon, deretter koloskopi m/biopsi hvis funn. Vidare CT thorax/abdomen/bekken mtp. eventuell metastasert sjukdom.
Kva for bildemodalitet er best egna til å utrede mistanke om levermetaster?
MR med kontrast for vurdering av både arteriell og venøs fase.
Tegn på akutt tverrsnittslesjon?
Sterke og ofte utstrålande smerter (70-90%), redusert kraft og/eller sensibilitet i bein/armar og autonom dysfunksjon.
Ø-hjelp -> skal leggast inn, få dexamethason 4 mg x 4 eller 20 mg i.v. og MR columna så snart som praktisk mulig.