Kontinentale sedimentære miljø Flashcards
Kva er dei fire sedimentære hovedmiljøa på land?
Det er fluviale, aeoliske, lakkustrine og glasiale.
Fluviale prosessar skjer i tre undergrupper. Kva heiter desse?
Det skjer fluviale prosessar i alluviale vifter, i fletta og i meandrerande elvesystem.
Korleis er forholdet mellom dei tre typane fluviale miljø og kva for kornstørrelse og sortering ein ser?
Det er ein trend der dei alluviale viftene er minst godt sortert, deretter kjem fletta elver og best sortert med dei minste kornstørrelsane har vi meandrerande elvesystem.
Kva miljø er det som er spesieltt vanleg å finne alluviale vifter?
Det er i tørre miljø.
Kva er forskjellen på ei tørr og ei fuktig vifte?
Det er at dei tørre viftene har sediment transport som foregår i kortare periodar, medan fuktige vifter har “evigvarande” sedimenttransport. Av den grunn blir dei fuktige viftene mykje større enn dei tørre. Tørre vifter går inn i ørkenområder, medan fuktige vifter kan gå over i deltaområder.
Kva for tre prosessar for sedimenttransport er det som verkar i ei alluvial vifte?
Det er streamflows, debris-flow og landslides/rockfall.
Ut i frå kva transportmekanismar som dominerar, kan ein dele inn ei alluvial vifte i to typar. Kva typar er dette?
Det er debris-flow dominerte og stream flow dominerte.
Under kva for forhold kan alluviale vifter bli veldig tjukke?
Dersom det er høg sedimenttilførsel og det i tilegg er kontinental subsidens. Feks. hornelen bassenget på vestlandet.
Korleis er modenheiten til sedimenta i ei alluvial vifte?
Dei er umodne
Korleis er trenden i kornstørrelse?
Finare sediment mot distral sida til vifta.
I forhold til eit basseng, kvar er dei alluviale viftene vanleg?
Dei er vanlege å sjå i marginen rundt bassenget.
I kva miljø er det vanlegast å finne fletta elver?
Det er proximalt i forhold til alluviale vifter. På glasiale utvaskingssletter, der det er høg sedimenttilførsel og uregelmessig vanntilførsel. Der det er mykje bedload.
Kva for eigenskapar er det fletta elver har?
Dei har lav siniousitet.
Fleire kanalar som er separerte av små elveøyer.
Lav stabilitet på kanalane/elvekantane.
Finnast der det er høg til moderat gradient.
Det er eit høgt bredde/Djubde forhold.
Det dominerande sedimentet brukar å være grus og sand.
I kva miljø er det vanlegast å finne meandrerande elver?
Det er vanlegast å finne desse der det er ein lav gradient, typisk på alluviale sletter.
Dei er ofte ein fortsettelse av fletteelver.
Dei kan ofte gå ut i eit detlasystem.
Kva for eigenskapar er det meandrerande elver har?
Dei har ein stor kanal.
Høg sinuositet.
Høg kanalstabilitet, elvekantstabiliteten er høg.
Det er relativt stabil vannføring.
Befinn seg gjerne i områder med lav gradient.
Det blir tranportert mixed load til suspended load.
Det er eit lavt bredde/djubde forhold.