Djupmarine sedimenter Flashcards
Korleis kan ein dele inn havbassenga?
Aktiv og passiv margin. Havbasseng: -Eggakanten -Kontinentalskråningen -Kontinentalstigningen -Abyssale sletter. -Midthavsrygg. -Groper. -Kontinentalhylla.
Ein har to typar kontinentalhyller, kva heiter desse og kva miljø er dei relatert til?
Ein har epikontinentale hyller som strekker seg inn på kontnentet go er delevis beskytta av landmassar.
Ein har også pericontinentale hyller som er typisk for aktive og passvie marginar.
Kva er geostrofiske straumar, og kvar på kontinentalhylla er det dei er dominerande?
Det er straumar som er drivne av gravitasjonskrefter og koriolis effekten. Dei er dominerande på den ytre kontinentalhylla.
Kva delar består kontinentalhylla av?
Den består av
Indre hylle, som strekker seg frå 10-30 km.
Den midtre hylla, 30-90 km.
Den ytre hylla. 90-130km.
Kva for marginar har dei vidaste kontinentalhyllene?
Det er dei passive kontinentalmarginane.
Kva for effektar har havnivåendring på den indre kontinentalhylla?
Ein stigning i havnivå vil føre til at strandlinja vil trekke seg tilbake.
Kva skjer med marginane dersom ein får ein regresjon av havnivået?
Då vil subaeriske prosessar verke på hylla, ein for får eksempel elvedalar, som vil stå igjen når havet igjen stig til sitt originale nivå.
Kva for fem element er det ein ser på når ein skal klassifisere ei kontinentalhylle?
Det er margintype, hydraulikk, opprinnelse, prossessar/morphologi og sedimenter.
Kva er det vi bestemmer under klassifiseringspunktet margintype?
Der ser vi på om hylla er av passiv (brei) eller aktiv (smal) type.
Kva er det vi bestemmer under klassifiseringspunktet hydraulikk?
Her ser vi på om hylla er tidevannsdominert, stormdominert eller elvedominert.
Kva er den mest vanlige hylletypen under hudraulikk punktet?
Det er stomrdominerte hyller. Som står for 80%
Kva er det vi bestemmer under klassifiseringspunktet opprinnelse?
Det er om hylla er av sedimentær, strukturell eller om den er ein kombinasjon av desse to.
Kva er det vi bestemmer under klassifiseringspunktet prosess/morphologi?
Det er om hylla er
- Glacial
- Hyller med avlange sandryggar.
- Hyller på utsida av store delta.
- Hyller med korallrev.
- Hyller som er avgrensa av “rocky banks” og øyer.
Kva er det vi bestemmer under klassifiseringspunktet Sediment?
Det er om sedimenta er moderne, gamle eller består av sediment frå ulike tidsperiodar.
Kva kan ein sei om tidevannsdominerte hyller?
Desse er typisk lokaliserte i delevis lukka basseng.
Dei blir påverka av kraftige tidevannstraumar, makrotidal regime der tidevannsintervallet er større enn 3-4 meter.
Ein ser bunntransport i fleire retningar. Tidevannsdominerte hyller utgjer ca 17% hyllene i verden.
Kva kan ein fortelle om bølgjer/storm dominerte kontinentalhyller?
Desse hyllene står for 80% av hyllene i verda. Sedimentransport skjer hovudsakeleg ved stromperiodar. Eksempel er USA sin austkyst.
Kva er typisk for elvedominerte hyller?
Sedimentbevegelse skjer på grunn av flyteprosessar som for eksempel plumes som blir danna av estuarine og elveavsettingar.
Gje eit eksempel på bunnstrukturar som kan bli danna av tidevannstraumar, i tilegg til herringbone strukturen.
For eksempel store dyner, sand-ryggar.
Kva er leire drapes/gardiner diagnostisk for?
Det er diagnostisk for tidevannsmiljø.
Kva er forskjellen på kor langt ned i vannmassane stormbølgjer og vanlege bølgjer på verkar sediment?
Vanlege bølgjer påverkar sediment ned til ca 15 meter, medan sormbølgjer kan påverke bølgjer ned til ca 200 meter.
Kva er forholdet mellom storm prosessar og geostrofiske straumar?
Det er at stormbølgjene blir reflekterte av kysten og begynner så og straume langs kysten som ein geostrofisk straum på grunn av corioliseffekten.
Kva er kombinert strauming?
Det er kombinasjonen av oscillerande straumar og unidireksjonale straumar, desse er effektive i å transportere sedimenter.
Under kva forhold er det hummocky beds blir danna?
Det er under stormsekvensar. Dei utviklar seg frå anisotropisk - til isotropisk.
Kva påverknad har havstraumane på sedimenta på kontinentalhylla?
Dei tranporterar sediment langs kontinentalhylla, men dei bidreg ikkje med nye sediment. (langsgåande prosess)