Glasiasjonsterskel, firngrense og likevektslinje Flashcards
Kva er glasiasjonstersekelen?
Det er den kritiske høgda over havet der brear kan eksistere. Det blir definert som middelverdien mellomd en høgaste topografisk egna toppen uten bre og den lavaste toppen med bre (toppmodellen).
Kva er firngrensa?
Det blir definert som grensa der ein ser firn på den eine sida og is på den andre sida. Ved ablasjonssesongen sin slutt.
Kva er firn?
Firn er snø som har overlevd sommaren.
Kva er snøgrensa?
Det er den synlige grensa mellom is og snø ved akkumulasjonssessongen sin slutt.
Korleis er relasjonen mellom firngrensa og likevektslinja på tempererte brear?
På tempererte brear samanfell oftast firngrensa med likevektslinja. Dette kan kanskje forklarst med at likevektslinja er der det er meir ablasjon. akkumulasjon.
Kva er likevektslinja?
Det er den sona på breen der det er like mykje akkumulasjon som ablasjon.
Kva er det som styrer kvar vi har likevektslinje på brear?
Det er i hovedsak klimatiske forhold som spelar inn her, og då spesiellt forholdet mellom sommartemperatur og nedbør i vinterperioden.
Kva forskjellige typer likevektslinjer har vi ?
Den temporære likevektslinja, den årlige likevektslinja og den klimatiske likevektslinja.
Kva fortel den temporære likevektslinja oss om?
Dette er den til ein kvar tid gjeldande linja. Den begynn lavt tidlig på sommaren og kryp oppver etterkvart som ablasjonen aukar.
Kva kallar vi likevektslinja vi har i overgangen til vinterperiode?
Dette er den årlige likevektslinja.
Korleis finn vi den klimatiske likevektslinja?
Dette er den gjennomsnittelige årlige likevektslinja over ein periode på 30 år.
Kva skiller marine brear (eks ålfotbreen) og brear i jotunheimen (innlandsbrear(.
Marine brear har høg akkumulasjon på vinteren og høg avsmelting på sommaren. Brear i Jotunheimen har mindre vinternedbør, men klarar seg godt på grunn av at det er kaldare om sommaren og derfor mindre ablasjon.
Kva lokale faktorar er viktige for å bestemme likevektslinja?
Det er mellom anna vindransport av snø og skref frå omkringliggande dalsider. om akkumulasjonsområdet på breen ligg i le eller loside i forhold til en dominerande vindretninga kan også ha noko å seie.
Kva metodar kan ein bruke for å komme fram til likevektslinja?
Utrekning av middelhøgda, THAR metoden, Kuhles metode, AAR metoden, metode for bruk av sidemorenemålingar, og bruk av målingar av innsjøsedimenter.
Finne likevektslinja med bruk av middelhøgda:
L = høgaste + lavaste punt på breen (m o.h)/2