Brebevegelse Flashcards
Kva er drivkrafta bak isen sin bevegelse?
Isen bevegar seg på bakgrunn av tyngdekrafta, og som ein reaksjon av at dei ulike iskrystallane pressar kvarandre nedover ei hellning.
Kva er ei isstrømmingslinje?
Det er den bevegelsen ein gitt krystall har igjennom breen.
Korleis er isstrømingslinjene forskjellige undre og over likevektslinja?
Over likevektslinja, bevegar linjene seg nedover og inn mot midten. Breens overflate er her innsunken. Under likevektslinja: linjene bevegar seg oppover mot breens overflate og ut mot sidene. Overflata til breen er her oppbulande.
Kvar i breen er hastigheita til isstrømmingslinjene høgast?
Det er midt i breen. Og farta er høgast ved likevektslinja.
På kva fire måtar skjer isbevegelse?
Ved basal glidning, ved intern deformasjon, ved deformasjon av underlaget, eller ved ein kombinasjon av desse.
På kva måte fungerar isbevegelse ved basal glidning?
Det skjer ved høgt vanntrykk, som dannar ein film som isen glir på. Er høast seint på vinteren/tidlig sommar.
Korleis skjer isbevegelse med intern deformasjon?
Intern deformasjon er at iskrystallane flyttar på kvarandre, men isen botn er i stor grad frossen fast.
Korleis skjer bevegelse som følgje av deformasjon av underliggande sediment?
Isen blir flytta på grunn av sedimenta sin roterande bevegelse. (som ein båt på vedkubbar).
Kva bevegelsesmåte er dominerande på tempererte brear?
Basal glidning og indre deformasjon.
Er det basal gliding i polare brear?
Normalt ingen basal glidning her. Bevegelsen er i hovedsak styrt av indre deformasjon.
Kva faktorar er det som styrer breens glidning mot underlaget?
Temperatur i breen, underlagets beskaffenhet (komposisjon) og tilgang på vann.
Kva type bevegelse er det som er dominerande i bratte brear?
I bratte brear står glidning mot underlaget for 90% av bevegelsen.
Kva type bevegelse er det som er dominerande i slake brear?
Her står intern deformasjon (krystalldeformasjon) for mesteparten av bevegelsen.
Forskjell på compressive flow og extending flow?
…