Kognitiv Flashcards
Kva føregår i sanseregisteret, i den sentrale arbeidsenheten og i langtidsminnet?
Ytre sansedata (hørselsinntrykk, synsinntrykk, berøring, smak og lukt) fangast først opp av sanseregisteret. Langtisminne har ein funksjon som eit slags leksikon der sanseregisteret må «slåst opp» for å identifisere stimulerina, samstundes skjer ein rask overflatisk registrering i langtidsminne. Denne registreringa skjer ubevisst, og er vel knapt for hukommelsen å regne
Kva pedagogisk konsekvensar har det at den sentrale arbeidsenheta har begrensa kapasitet?
Kognitivistane meiner stoffet ramlar ut og ein får då dårlegare forstålse for td. Lesing. Anna meining: utdytting, plassmangel eller anna interfererende effekt.
Informasjonen i arbeidsenheta må kodast før han kan lagrast i langtidsminne. Altså forsvinn det i arbeidsenheta så kjem det ikkje til langtidsminne
Kvifor kan teorien om eit episodisk langtidsminne utnyttast i pedagogiske samanheng? Finn døme frå din eiga skuletid på episodisk minne?
Det episodiske minne tar vare på minner om personlige hendingar og gjeremål. Det omfattar avgrensa handlingar i tid og rom, episodar som me sjølv har vert med på eller høyrt om. Episodisk kunnskap er minne frå feltarbeid der elevane lå i telt ei heil veke i skogen, fant myrmalm, gravde ser jernvinne og laga eige malm. Det elevane kanskje hugsa best frå turen er kor kaldt og klissvåte dei var fordi det regna heile tida. Treng semantisk koding først episodiske koding?
Episodisk minne kan brukast for at elevane kan sjå ein samanheng mellom ting ein har opplevd og teorien. Det vil då vere lettare å forstå når ein sjølv har noko å knytta det til
Kva er læringsstrategiar, og korleis kan undervisninga i læringsstrategiar gjennomførst i skulen? Kva er forskjellen på læringsstrategiar og strategisk læring
Læringsstretegiar er tankjar og handlingar som fokuserer på korleis ein skal gå fram i læringsprosessen, og oppskrifter eller teknikkar som kan brukast for å lære betre. Dermed er det underslått at å ha eit bevisst forhold til ulike strategiar og krev metakognitiv innsikt. Læringsstrategiar har til hensikt å lette informasjonsbehandlinga slik at kunnskapstilegnelsen og gjennkallinga forbedrast. Strategiane er målretta kognitive planar , det vil sei at dei er innretta mot ei spesiell oppgåve som skal løysast eller arbeid som skal utførast. I skulen kan ein prøve å komme igjennom pensum med ulike typar læringsstrategiar, dette er ein fordel sidan elevane er forskjellige og lærar på ulike måtar, om ein varierer strategiane i undervisninga vil ein treffe fleire elevar. (repitisjonsstrategiar, pugging, assosiasjonar, organiseringsstrategiar)
Forskjellen på læringsstrategiar og strategisk læring er meir enn berre teknikkar og læringsstrategiar, det er ein meir omfattande prosess som me kan finne hos elevar som er effektive og rasjonell i måtenå tilnærme seg læringsoppgåvene på. Det handlar om å læra i vid forstand, basert på forsking og kva som er gunstig i forhold til læring og motivasjon. Strategisk læring er i 4 hovudkomponentar, basert både på teori og forsking frå ein rekkje framtredande pedagogiske psykologar på området. Dei fira hovedkomponentane er:
1.Kunnskapar og ferdigheter (fagkunnskap, kunnskap om læringsstrategiar)
2. Motivasjon (setje seg mål, sjølvtillit, interesse)
3.Sjølvregulering (tidsplanlegging, eigenvudering, refleksjon)
4.Konteksten som læringa føregår i (ressursar, krav og forventningar, støttemogelegheiter)
Strategisk læring er eit komplekst fenomen der kunnskapar, læring, motivasjon og forhold i læringsmiljøet spelar saman og «driv» i elevens læring.
Kva vil det sei at informasjonen kodast i minnesystemet? Kva er forskjellen på perifer og semantisk innkoding ?
Perifer innkoding er dei første nivåa som gjeld analyse av enkle, fysiske eigenskapar, etter dette er det eit stadie der ein analyserar meir komplekse fenomen som inneberer at me må knytte meining til observasjonane og dette er kalla semantisk innkoding.