Huden Flashcards
Kva er hovudoppgåvene til huda?
Verne oss mot slitasje, slag, støyt, mikroorganismar, skadelege stoff som kjemikal og gift, skadelege stråler frå sola, vesketap, å delta i temperaturregulering, og kommunisere med omverdna med sanseceller som registrerer føleevne (varme, kulde og trykk) og skiftande hudfarge.
Beskriv dei tre laga huden er bygd opp av
Huda er bygd opp av tre lag: Overhud, lærhud og underhud.
Kva funksjon har overhuden?
Overhuda er bygd opp av eit tett lag av overflateceller. Inst i overhuda er cellene levande, og det dannar seg heile tida nye celler som blir dytta oppover mot overflata. Etter omlag ein månad døyr desse cellene.
Dei døde cellene som er ytterst, kallar vi for hornlaget. Dette laget verner kroppen mot slitasje, slag, støyt, væsketap, skadeleg stoff og mikroorganismar.
Vidare har vi hår. Håra veks frå hårrota i lærhuda, og ved hjelp av hårsekken blir dei førte ut gjennom overhuda. Etterkvart blir hårcellene skyvd utover, og blir til hår. I håret er det pigmentflekkar som endrar fargen på håret.
Det er ikkje blodårer eller nerver i overhuda. Tilførsel av oksygen og næringsstoff, skjer direkte mellom dei ulike cellene og væska som ligg rundt.
Nederst i overhuda er det pigmentflekkar. Pigmentcellene lagar pigment, som bestemmer fargen på huda. Pigment vernar huda mot UV-stråling frå sola. Pigment kan også endre farge på huda. Når sollyset kjem på huden, blir det danna D-vitamin.
Kva funksjon har lærhuden?
I lærhuden er det blodårer, som fraktar oksygen, næringsstoff og avfallstoff. I tillegg er blodårene viktige for temperaturreguleringa. Når vi er varme, utvidar blodårene seg, og stråler varme frå huda. Og huda får ein raudleg farge. Når vi er kalde, trekkjer blodårene seg saman, og huda gir frå seg minst mogleg varme. Huda blir då bleik. Svettekjertlane er viktige i temperaturreguleringa. Når vi blir varme, svettar vi.
Dei små håra i lærhuden, ligg i ein hårsekk, som er festa til ein muskel. Når vi frys trekk muskelen seg saman, og håra reiser seg. Vi får då gåsehud. Gåsehuden danner eit isolerande luftlag mot huda. Rundt hårrøttene ligg det talgkjertler som produserer talg. Slik blir huda mjuk.
I endene av nervane i huda er det sanceceller. Desse kan registrere berøring, trykk, kulde og varme. Nervane sender melding til hjernen. I nerveendene blir smerte registrert.
Lærhuden består seg av bindevev og elastiske fibre. På den måten kan huda strekkje seg ut, og strekkje seg saman att.
Kva funksjon har underhuden?
Underhuden er det innerste laget i huda. Underhuden består seg av feitt som isolerer og dempar støytar og slag mot huda. Underhuda er eit lager for feitt, og væske. Hvis vi får i oss meir energi enn det vi treng, vil overskotet omdannes til feitt og lagrast i underhuden. Ved veskeunderskot eller dehydrering, vil kroppen tære på denne reserven av feitt. Fettlaget er med på å gi kroppen fasong. Kjønnshormonene bestemmer hvor fettet legger seg. Kvinner og menn har derfor forskjellig form.
Kva består negler av?
Hår og negler består seg av døde overflateceller. Neglene blir danna på samme måte som hår, men har eit stoff i seg (keratin), som gjer det hardare. Neglene beskyttar fingertupper og tåspisser.
Kvifor er det viktig å ha heil hud?
Heil hud beskyttar mot slitasje, mikrober og stråling.
Hvilken funksjon har talg?
Talg består av ein type feitt som er bakteriehemmende, smører huden og held den mjuk og tett. Det forebygger tørr og sår hud, og sprekker som kan væreutgangsport og inngangsport for smitte.
Hvilken funksjon har svette?
Når vi er varme avgir svettekjertlane vann som avkjøler huden, fordi vannet tar varme fra huden når den fordamper. Det er bare når svetten fordamper, at den kjøler ned huden. Når du svetter taper kroppen både vann og salter. Om det oppstår store tap her, er det viktig å drikke vann og spise litt salt.
Kvifor kan vi sei at huden er eit sanseorgan?
Huda dekkjer heile kroppen, og er kontakten kroppen har med omgivnadane. Huda har ei fantastisk evne til å tilpasse seg skiftande belastningar. Den kan reagere på berøring, temperatur, trykk og smerte. Blir det skadar, er huda sjølv i stand til å reparere desse. Alle signalar blir sendt til nervesystemet.
Kordan deltar huden i kommunikasjonen?
Huden er også sentral i samspill med mennesker - vi kan “kommunisere” med huden. Hudkontakt gir ofte en positiv følelse. Tenk f.eks. på hvilke følelser som fremkalles av huden hos en person man er tiltrukket av! Følelser kan få huden til å skifte farge. Når vi blir flaue kan vi rødme i ansiktet og på halsen, mens når vi blir redde kan vi bli blek.