Fordøyelsen Flashcards
Kva består fordøyelsessystemet av?
Fordøyelsessystemet består seg av fordøyingskanalen og kjertlar som er knytt til tynntarmen. Fordøyingssystemet omfattar også spyttkjertlar, bukspyttkjertel, galleblæra og levra.
Kva for organ består fordøyingskanalen av?
Fordøyingskanalen er eit røyr som går frå munnhola til endetarmen. Organane som fordøyingskanalen består seg av er: munnhola, svelget, matrøyret, magesekken, tynntarmen og tjukktarmen med endetarm.
Kva er oppgåva til fordøyingssystemet?
Fordøyingssystemet har til oppgåve å spalte maten vi et, slik at cellene får næringsstoff. Stoff i maten som kroppen ikkje kan ta opp, blir skilde ut som avføring.
Kva betyr fordøying?
Fordøying vil seie at maten blir delt opp og spalta for at cellene skal kunne nyttigjere seg av han.
Kva skjer i munnhola?
I munnhola blir maten delt opp av tennene, blanda med spytt, og elta av tunga og kinna.
Kva oppgåve har tennene?
I munnhola bit vi over maten med framtennene slik at han blir delt inn i mindre bitar. Deretter bruker vi tunga og kinna til å dytte maten inn mellom jekslane, som knuser maten.
Kva oppgåve har spyttkjertlane?
Frå dei 6 store spyttkjertlane som ligg nedanfor øyra, under tunga og i underkjeven, kjem det spytt som blander seg med maten. Spyttet er ein seig væske beståande av vatn, slim og enzym som spaltar stivelse. Spyttet er basisk, som vil si at enzyma verkar betre, og kan beskytte tennene mot syreangrep og bakteriar.
Kva er enzym?
Enzym får kjemiske reaksjonar til å gå raskare, til dømes nebryting av protein.
Kvifor er smakssans saman med luktesansen viktig?
Smakssans saman med luktesansen, har stor påverknad på matlysta, fordi spyttet må løyse opp smaksstoffa i tørre matvarer, for at dei skal smake. Når vi tenkjer, ser, luktar eller tygg på god mat, byrjar spyttkjertlane å skilje ut spytt.
Kva gjer tunga og kinna?
Tunga og kinna eltar maten når vi tygg. Då blir dei små matbitane blanda med spytt, og det dannar seg ei kleimete og glatt masse, som er lett å svelge.
Kva 5 smaksopplevingar har vi menneske?
Salt, søtt, surt, bittert og umami.
Kva funksjon har svelget?
Når vi skal svelgje, dyttar vi maten bakover på tunga, svelgerefleksen blir utløyst, og maten glir ned i matrøyret. Når vi svelger blir opninga mot nasa stengd med drøvelen, og strupelokket stengjer for luftrøyret. Dette skjer for at maten ikkje skal gå feil veg.
Korleis er spiserøret bygd opp? Hva skjer med maten i spiserøret?
Gjennom spiserøret blir maten ført til magesekken ved hjelp av peristaliske rørsler. Dei peristaltiske rørslene er dei små bølgjerørslene som kjem ved samantrekning og avslapning av den glatte muskulaturen i spiserøret. Ved inngangen til magesekken er det ein lukkemuskel, som opnar seg når maten kjem.
Kva skjer i magesekken?
I magesekken blir maten tilsett magesaft. Både syn, lukt og smak stimulerer produksjon av magesaft. Det vil sei at vi byrjar å produsere magesaft lenge før maten kjem til magesekken. Magesafta inneheld eit enzym, slim og saltsyre. Enzymet spaltar protein. Slimet verner mageslimhinna. Saltsyra gjer miljøet surt, slik at bakteriar ikkje trivst.
Kordan er magesekken bygd opp?
Magesekken er bygd opp av tre lag glatt muskelatur, som gjer at maten blandast kraftig. Når maten er feldig elta i magesekken, passerer maten gjennom ein ringmuskel, portnaren, før han kjem ut i tolvfingertarmen. Portnaren opnar og lukkar seg, slik at maten kjem ut i små porsjonar. Det kan gå opptil 4 timar før magesekken er tømd.