Sediment i hava Flashcards
Kap 4 Forelesing 2.
Kva tyder bentisk?
Kjem av det greske ordet “benthos” som tyder havdyp, er ein felles betegnelse for organismar som lev på botnen av hav eller innsjø.
Kva legg ein til grunn når ein skal klassifisere sedimenter?
Kva er opphavet, kva er kornstørrelsen.
Kva opphav kan sedimenta i havet ha?
Terrigent, biogent, hydrogent, kosmogent og vulkansk.
Kva for type sediment, med bakgrunn i opphav står for mesteparten av sedimenta i hava?
Det er biogent som står for bortimot 55%, terrigent kjem opp mot 45%, dei tre andre opphava står altså for under 1 av det totale volumet av sediment.
Kva er ein tektitt?
Smeltet rundt glasslegeme med opphav frå meteorittnedslag.
Biogent materiale kan delast inn i to undergruppe (med bakgrunn i størrelse) kva er desse gruppene og kva type fragment er det vi finn her?
Fordi biogent materiale er døde planter og dyr kallar vi sedimenta for fossil. Vi har makrofosil som er skjell og molluscar, og mikrofossil som er knytta til det som er igjen av plankton som dør og fell til bunns.
Mikrofossil som er eit biogent sediment kan delast inn i to typar, kva er desse typane?
Det er karbonater og silikater.
Vis til eit eksempel på karbonatpartikkel
kokkolittar
Vis til eksempel på silicatpartiklar
Diatomer og Radiolarier
Vis til eksempel på sedimentansamlingar med hydrogent opphav.
Evaporittar Mangannodular Metallsulfider Oolitter Fosfater Karbonitter
Kva hovedtypar består pelagiske sediment av?
ooze frå karbonat og silkat, samt aluminiumsilikatavsettingar (også kalla pelagisk leire).
Kva kan vulkanske sedimenter delast inn i (tefra)?
Aske, mindre enn 2 mm i diameter
Lapili, mellom 2 og 64 mm i diameter.
bomber/blokker, over 64 mm i diameter.
Kva sedimentasjonsrater er vanlig på kontinentalhylla?
15-40 cm/1000 år.
Sedimentasjonsrate på kontinentalskråningen?
20cm/1000 år.
Sedimentasjonsrate på kontinentalskråningen under deglasiasjon?
2000cm/1000 år.