Plast Flashcards
Skriv positive og negative sider ved plast
Fordeler med plast: •billig å lage •rotnar ikkje •isolerer mot elektrisk straum og varme •vasstett •bøyeleg og kan formast •lett (låg tettleik) •sterkt og toler støytar •kan gjennomfargast ved produksjon Ulemper med plast: •må sorterast i ulike plasttypar ved resirkulering •blir ikkje broten ned av naturlege mikroorganismar •toler vanlegvis ikkje høge temperaturar •ser ikkje alltid like bra ut som andre materiale
Hvilke tilsetningsstoffer bruker vi i plast?
- fargestoff(same type som ein bruker i måling)
- armeringsstoff (blir tilsette for å gi eit materiale større styrke. Plast blir forsterka med glasfiber eller karbonfiber. F.eks ski, stavar, fiskestenger og fritidsbåtar)
- mjuknarar (blir tilsette ein plast som er hard og sprø og har lett for å knekke)
- antistatiske stoff (blir tilsett for å motverke statisk elektrisitet)
Monomer? Polymer? Polymerisering?
Ein plast er ein polymer fordi han er laga ved samankobling av mange små molekyl, monomerar. Polymerisering er er den kjemiske reaksjonen der mange monomerer blir kobla saman til ein polymer.
Skriv egenskapane til herdeplast og termoplast
Herdeplast: •hardt •ikkje bøyelege •brenn eller blir svarte som kol ved oppvarming •blir ikkje mjuke og smeltar ikkje ved oppvarming Termoplast: •er lett å strekkje •er lett å bøye •blir mjuke ved oppvarming •smeltar ved låge temperaturar •kan formast ved oppvarming
Kva skiller molekylene i ein herdeplast fra termoplast?
Herdeplast har sterke tverrbindingar mellom dei lange molekyla og termoplast har ikkje det. Derfor kan termoplast smeltast saman og formast på nytt fordi tiltrekningskreftene blir brotne slik at dei sklir fra kvarandre.
Hvordan kan ein teste tettheten av en plasttype
Du kan legge plasten i vatn, viss den flyter betyr det at den har mindre enn 1g/cm3. Den vil sykkje viss den har meir enn 1g/cm3.
Hvordan kan en påvise at en plast er PVC?
- Lag ei lita lykkje på ein kopartråd. Stikk tråden i ein kork slik at du får eit varmeisolerande handtak.
- Varm lykkja på kopartråden i flamma frå ein gassbrennar. Ta borti plasten med det glødande metallet slik at noko av plasten brenner seg fast.
- Ta kopartråden inni flamma att. Ei grønn flamme er teikn på at plasten er PVC.
Skriv om noen bruksområder for plast som: -løses i vann, -husker formen, -kevlar
- Posar av vassløyseleg plast blir brukt på sjukehus slik at ein berre kan legge det skitne tøyet i posen og vaske heile posen fordi den løysest opp i vatn. På den måten slepp nokon å eventuelt komme i direkte kontakt med smittefarleg tøy.
- Klipser kan varmast opp og brukes til å lukke åpne sår fordi ho hugsar den opprinnelige forma si.
- kevlar er fem gonger sterkare enn stål og det brukes i skuddsikre vestar, men det er også vanleg utstyr for ekstremsport, i brannsikre dressar og i båtsegl.
Kva meiner vi med gjenbruk?
Gjennruk er når noko blir nytta om att slik dei er.
Kva er materialgjenvinning?
Det er når du bruker eit materiale blir brukt på nytt i nye produkt. F.eks plastflasker som blir malne om slik at dei kan lage fleecejakker av dei.
Kva er energigjennvinning?
Energigjenvinning er når du brenn plast og utnytter energien den gir frå seg.
Hvorfor bør ikkje plast kastes på ein søppelfylling?
Fordi plast blir ikkje broten ned biologisk, så han vil bli liggande på søppelfyllingen i mange år. Samtidig får vi ikkje utnytta den ressursen som plast eigentligt er.