Silikater. Flashcards
Kva for tetrahedrastruktur har mineralgruppa og mineralet Olivin?
Dei har Isolerte tetrahedra.
Kva for forskjellige tetrahedrastrukturer kan silikater ha?
Isolerte tetrahedra. Også dobble? Single chain double chain Sheets (flak) Rammeverk
Kva betyr det at eit mineral er Orthorombisk?
Det betyr at einheitsella eller bravais latticen er strekt til å bli rektangulert.
Kva er den generelle kjemiske formelen for olivin?
M2Sio4
Kva er det som står på M plass i olivin gruppa?
Det kan vere Fe2+, Mg eller ca
Kva “endmembers” har olivin?
og kva er deira kjemiske formel
Forresterite: Mg2Sio4
Fayalite: Fe2Sio4
Kva betyr det at det dannast ein solid solution mellom to endmembers?
Det betyr slik eg forstår det at endmembersane er “reine” versjonar, eller ekstremalpunkt. melllom dei kan det dannast ulike mineral med blanding mellom desse!
Kva er forskjellen på endmbembers og polymorph?
Endmembers til for eksempel olivin, blir også kalla for olivin. men dei representera ekstremalpunkta til kva komposisjonen til olivin kan bestå av! Medan polymorfar til olivin er mineral som har den samme kjemiske samansettinga(formel) som olivin(og dens endmembers) men, strukturen, korleis grunnstoffa er pakka saman er forskjellig.
Kva for polymorfar har olivin ved økande trykk?
Wadselyite som har ein tettare struktur.
og Ringwoodite som har ein spinell struktur. (henholdsvis øvre og nedre transisjonsone) Samt silicate perovskite og magnesiovustite.
Kva faktorar er det som kan spele inn på fordelinga mellom ca, fe og mg.
for eksempel er det slik at ved høgare trykk er magnesium mest stabilt ved utkrystallisering.
Kva for symmetri har granatminerala?
Dei går for å vere kubiske
Kva er den generelle formelen for granatminerala?
Den er x3y3(sio4)3.
Kva grunnstoff står på x plass i den generelle formelen til granatminerala?
Det er Ca, Mg, Fe og Mn
Kva for mineral er det som står på Y plass i den generelle formelen til granatane?
Det er Al3+ eller Fe3+ eller Cr3+.
Kva for fem viktige granatmineral har vi ?
Vi har Pyrope, almandine, spessartine, grossular og andradrite.
Kva granat er mest typisk for ein høgtrykksutsatt mafisk bergart?
Det er pyrope.
Pyrope inneheld magnesium. Som jo er mest stabilt ved høgt trykk.
I kva metamorfiserte mafiske bergartar kan vi finne pyrope?
Vi kan finne det i mellom anna eklogitt og peridotitt.
I kva for miljø kan vi forvente å finne granatmineralet spessartine?
Det kan vi finne i lavtemperaturs metasediment og i felsiske magmatiske bergartar.
Kva grunnstoff står på x plass i spessartine?
Det er Mn. Mangan
Kva for granatmineral kan vi vente å finne i vanlege metasediment?
Det er almandine, som er rikt på Fe2+.
I kva for metamorfisert metasediment kan vi vente å sjå andradrtie?
Andradrite inneheld både jern og Ca, noko som er vanleg for karbonatbergartar. Så vi kan vente å sjå det i metamorfiserte karbonatbergartar.
Kva er den kjemiske formelen for grossular?
Det er:
Ca3Al2(Sio4)3
Kva er den kjemiske formelen for aluminium silikatane?
Det er Al2Sio5
Kvifor kan vi ikkje seie at Sillimanitt, andalusitt og kyanitt er endmebers av aluminum silicata?
Det er fordi dei har nøyaktig samme kjemisk formel. Samt at dei ikkje har den samme strukturen. Grunna stabilitet ved ulik p-t forhold.
Kva er eigentlig den strukturelle forskjellen mellom dei tre alsilicat polymorfane?
Sillimanitt har eit al side i strukturen som er 4 folda.
Andalusitt har ei al side som er 5 folda.
kyanuitt har ei oktahedral eller 6 folda side. (oktahedral? dette kan vel ikkje stemme? )
Teikn eit stabilitetsdiagram for Al2Sio5 polymorfane!
Aiiiit?
Kva finn vi vanligvis kyanitt?
Det finn vi i aluminium rike, mediums grad metasediment, nokon gangar også i mafiske eklogittar og høgtrykks granulittar.
(overalt nesten, altså?)
Kvar finn vi andalusitt?
Det finn vi i al rike lavtrykks metasediment.
Kvar finn vi sillimanitt?
Lav til mediums grad al rike metasediment. Samt av og til i al rike granulittar og pegmatittar.
Kva er eigentlig eit orthosilicat?
Det er mineral med isolerte tetrahedra som er linka isaman av kation i dei åpne romma.
Korleis er tetrahedrastrukturen til eit disilicat?
Her har vi eit oksygenatom som blir delt av to tetrahedra. tetrahedra eg plassert slik at det ser ut som ein spegla pyramide eller eit timeglass.
Kva for typar mineral blir representert blandt disilicata?
Det er mellom anna zoiste-epidot gruppa, lawsonite og pumpellyte.
Beskriv kort visuelle trekk ved olivin?
Grøn på farge. Anhedrale korn (ingen veldanna krystallar)
Består av granulære aggregat
I kva type bergartar er zoiste, clinozoiste og epiot vanleg?
Dei er vanlege i mediums grad mafiske ca-rike metamorfe bergartar.
Kvaer er Zoiste og clinozoiste mest vanleg?b
I al rike bergartar
I kva grunnstoffrike miljø er epiodot mest vanleg?
Det er mest vanleg i Fe rike miljø
Epidot og tilknytta mineral er rekna som eit “tilbehørs” mineral i kva for type bergartar?
Serleg i magmatiske bergartar. Samt i hydrotermale sprekkdannelsar eller gangar.
Kva for andre disilikat i tilegg til epidot har vi ?
VI har lawsonite og pumpellyite
Lawsonite er eit index mineral for kva type metamorfose?
For høgt tryll lav temperatur metamorfose
Pumpellyite er eit index eller diagnostisk mineral for kva type metamorfose?
Serleg for ulta lavgrads metamorfose. prehite-pumpellyite facies for mafiske metamorfe bergartar
Nemn to typiske ring silikater!
Cordieritt og tourmalin
Korleis er tetrahedra strukturen i ring silicat
Tetrahedra er kobla saman til ein ring.
kva er kjemisk formel for cordieritt?
Mg2Al3(AlSi5)O18.
Kva forskjellige typar tourmalin har vi ? Og kva silikatklasse høyrer tourmalin til ?
Schorl tourmalin, Drarite tourmalin eller elbaites tourmalin.
Kvar finn vi tourmalin?
I så godt som alle bergartar.
men godt forma krystallar fins i granittisk pegmatit.
Er også eit vanleg tilbehørs mineral i granitt og granodioritt.
Kva er rammeverk silikat for noko?
Det er silikat det SiO4 tetrahedraet er linka saman av at alle oksygenatoma blir delte og kobla saman med andre tetrahedra. Dette dannar ein rammeverkstruktur med åpne rom.
Kva for mineralgrupper finn vi innanfor rammeverksilikata?
Vi har SiO2, feldspar, feldspatoidene og zeolitt gruppa.
Kva for endmembers har SiO2.
Eventuellt tegne P-T diagram for SiO2 Stabilitet.
Alfa kvarts(lavkvarts), Betakvarts(høgkvarts), Tridymite, cristobalite, coesite, strishovite.
Kva er eigentlig forskjell på alfa kvarts og betakvarts?
Betakvarts er stabilt ved temperatur ca 550-750c. Når denne blir kjølt ned blir den tranformert fra ein hexagonal til ein trigonal symmetri og blir omgjort til alfakvarts.
Kva kjenneteiknar tridymite og cristobalite. (stabilitet og tilstedeværelse)
Dei er stabile ved lav P og høg T.
Dei blir funne i felsiske og intermediære ekstrusive bergartar samt grunne intrusive (høgt oppe)
Kvar finn vi coesitt og stishovite ?
Ved høgt trykk. stishovite ved ekstemt høgt trykk (impact sone) . Ultrahøgtrykks bergartar altså.
Kva type silikat er feldspar?
Det er eit rammeverk silikat.
Kva er den generelle formelen for feldspatane ?
Det er xAlSi3O8
Kva kan x posisjonen i feldspatane vere ?
Den kan vere Ca, K eller Na. kombinasjon mellom K og na. Ca og Na men ikkje K og Ca.
Kva er kjemisk formel for k-feldspat og kva “polymorfar?” har den?
Kjemisk formel er KAlSi3O8
og polymorfar kan vere orthoclase eller mikroklin.
Kva er kjemisk formel for albite?
Det er NaAlSi3O8
Kva er kjemisk formel for Anorthite?
Det er CaAlSi3O8
Kva kallar vi ein endmeber mellom An og Albite som består av 80%albite?
Dette er oligoclas.
Kva er navnet på ein endmember til AN og Albite som består av 80%anorthite?
Det er bytownite
Kva er navnet på eit mineral som består av 55% albite og resten anorthite?
Det er Andesine.
Kva er Anorthite - albite fordelinga til labradorite?
Den er mellom 50 og 70% anorthite.
Korleis ser eigentlig rammeverkstrukturen til eit feldspat ut ?
4 tetrahedra er kobla saman til ein ring. Desse ringane er igjen kobla saman til å danne ein krankshaft liknande struktur.
Ut i frå kjemisk formel til feldspatane ser ein at Aluminium atomet vil ta opp eit av tetrahedra. Korleis beskriv vi fordelinga til Al i denne samanhengen ?
Vi ser på ordninga. Og om det er statistisk mogleg å finne ut i kva tetrahedra al er mest sannsynleg. Ordninga blir lite ordna om ein ikkje veit kvar det er. middels ordna om ein veit at det befinn seg på ein av to av dei 4 plassane. og bra ordna om vi veit med høg sannsynligheit at vi kan finne al på ein bestemt plass.
Kvar finn vi eigentleg na,ca og k i feldspar strukturen?
Desse legg seg i holromma som dannar seg i nettverkstrukturen mellom ringane, (mellom tetrahedrane) dei blir på ein måte fanga.
Kva faktorar er det som bestem Al - si ordninga i tetrahedrastruktuen?
Det er i høg grad temperatur som er med på å bestemme dette.
Kva er chain silikat?
Det er silikat der tetrahedra deler på 2 eller 3 oksygenatom. Avhengi om det er eit enkelt kjede silikat eller dobbelt kjede. Der 2 enkle kjeder blir kobla saman.
Kva type chain silikat er amfiboler?
Det er dobbelt chain silikat
Kva type silikat er pyroksener?
Det er single chain silicates.
Kva er den generelle kjemiske formelen for pyroksenene?
Det er M2M1T2O6
Kva atom er det som typisk står på M2 plass i den generelle kjemiske formelen til pyroksen?
Det er Ca, mg, Fe, Na og Li
Kva er det som typisk står på M1 plass i den generelle kjemiske formelen til pyroksen?
Det er Fe2+, Mg, Fe3+, eller Al.
Kva er det som kan stå på T plass i den generelle kjemiske formelen til pyroksen?
Det er som oftast Si(4+) men kan også i nokon tilfeller vere Al.
Kva er eigentleg ein TOT Struktur?
Det er eit par tetrahedra chains som er kobla saman av eit M1 ledd ( i pyroksen tilfellet) Dette dannar noko som ser ut som eit timeglass.
Kva betyr (X,Y)2Si2O6?
Det betyr at mineralet er eit pyroksen og at det kan vere 2 y, 2 x eller 1x og 1y.
Kva er orthopyroksener?
Det er solid solution blanding mellom Enstetite Mg, og Ferrosillite Fe. Dei kan innehalde opp til 10-15% av andre kation
Kva er kalsisk clinopyroksen?
Det viser kontinuerleg solid miksing mellom dipside og hedenbergite. Ca(fe,mg)Si2O6
Kva er alkaliske clinopyroksener?
Det er pyroksener som har betydelig mengde na på m2 siten. eksempel er jadeite og aegirine.
Kva er forskjellen på Jadeite og ægerine?
Det begge har Na på M2 site. medan jadeite har Al på m1 og æegerine har Fe på m1.
Kvar er typiske miljø vi finner augitt?
Alkali rike bergartar i suduksjonsoner.
Kvar finn vi jadeite?
Gjerne i høgtrykks felsiske metamorfe bergartar.
Kvar finn vi gjerne omfasitt?
I høgtrykks mafiske bergartar. eklogittar.
Kva er pyroksenoider?
Det er pyroksener der tetrahedra kjedene har blitt dessorienterte eller tvinna.
kom med eit eksempel på pyroksenoider?
Wollastonite.
Kvar finn vi wollastonite?
I omdanna kalkhaldige bergartar.
Som kalkstein eller dolomitt, og det er resultat av kontaktmetamorfose.
Kva type silikat er glaucophane?
Det er eit amfibol.
Kva er forskjellen i kløvretninga på Pyroksen og amfibol?
Det er at amfibol har kløvretning på 120 og pyroksener har 90. Dette skuldast forskjellig intern sturktur og korleis dei plana ligg mot tot strukturen.