Islam Flashcards
Kva vil det seie at ein religion sin funksjon handlar om seleksjon?
At menneske hentar religion frå den tradisjonen dei likar, synes er relevant, anvendeleg eller tiltalande.
Kva er innhaldet i ein religiøs tradisjon?
- Forteljingar - forteljingar om Muhammad
- Historie - Ashura-feiring 680 e.v.t, Iransk revolusjon, Islamsk gullalder, o.s.v.
- Ord/språk - termar, kategoriar i relasjon til verda og andre fenomen eksempel: halal, haram, tahir, najas, adl og zulum.
Kan du gje tre synsvinklar på korleis ein kan analysere religiøse tradisjonar?
- Psykologisk synsvinkel - korleis den religiøse tradisjonen fungerer på eit individuelt plan
- Sosiologisk synsvinkel - korleis religiøse fellesskap fungerer, kva for opplevingar dei har til felles, kva det har å seie for sosiale og økonomiske relasjonar.
- Politiserande/Statsvitskapleg synsvinkel - kva for rolle den religiøse tradisjonen speler i samfunnsliv og politikk, lokalt og globalt.
Kva vil det seie at forteljingane om Muhammeds liv og dei tidlege periodane i Islam er signifikante?
Desse forteljingane er normgivande og fungerer som teikn til etterførsel eller åtvaring.
Kva er hadith?
Systematiserte førestillingar og forteljingar om Muhammed og hans etterfølgjarar - 1400 år gamal tradisjon som er kjelda til normsystemet og den islamske lovtradisjonen.
Kva er tafsir?
Korankommentarar som gjer tekstane frå koranen praktisk brukbare i det daglege liv.
Kva er Nahj al-Balagha?
Bok innanfor shia-islam som utgjer ein samling av talar og brev frå Ali ibn Abi Talib - shia sin første imam.
Kven var “den første muslimen”?
- Khadjia - Muhammed si første kone. (Sunni) Ali (Shia)
Kva særtrekk har dei tidlege forkynningane?
Dei har eit etisk preg. Understreker at ein skal ta seg av dei fattige, foreldrelause og enkene. Dei talar om gud si makt og hans gode gjerningar. (sure 81 og 84)
Kva var den første Hijra?
Muhammed og tilhengjarar forlèt Mekka og emigrerer til Yatrib/Medina (622 e.v.t.). Starten på den islamske tidsrekninga (354 dagar i eit år). Annleis for shia.
Forskjellig tolking av den store Hijra?
- Sunni: Abu Bakr var leiarar for reisa fordi han var den disippelen Muhammed hadde størst lit til.
Shia: Muhammed tok Abu Bakr med fordi han ikkje stolte på han og ville halde han under oppsyn. Det var Ali som skulle ta seg av det som profeten hadde i Mekka.
Kva kjenneteiknar “Medina-openberringane”?
- Dei utgjer brorparten av Koranen. Meir presise reglar og kommentarar til spørsmål kring usemje, krig og fordelingsproblematikk. Ein kan sjå på desse openberringane som det spe byrjinga for islamsk rettstradisjon Lengre tekstar om tidlegare profetar.
Kva er Hudaybiya-avtalen?
Fredsavtale mellom muslimane og den regjerande stamma i Mekka, Quarysh (628 e.v.t). Den gjorde at muslimar fekk reise på pilegrimsferd til Mekka. Den er òg nytta som politisk argument i notida (Osloprosessen i 1990 åra). Eksempel på at historiske avtalar kan vera legitime i notida.
Kva for rolle speler Jesus i Islam?
- Koranen: Blir nemnt her. Det står at han er født av ei jomfru, at han har lækja sjuke, at han er son av Gud - ikkje i fysisk forstand, teken opp til himmelen etter å ha døydd på krossen. Trua på Jesus er legitimt i Islam fordi det står om han i Koranen.
- Hadith: Fortel om den eskatologiske Jesus - han vil vende tilbake på dommens dag og stå i spissen for den endelege kampen mot antikrist.
- Sufi: Legg størst vekt på Jesus som asket og hans fattigdomsideal. I tillegg til Jesus sitt kritiske syn på rettslærde og religiøs autoritet
Muslimar legg mest vekt på predikanten og forkynnaren Jesus. Dette til forskjell frå kristne som ser på Jesus som ein kosmisk gud og frelsar.
Kva for rolle speler Maria i Islam?
Viktig karakter. Ho er mottakar av openberringa om Jesus (og Jesus sølv) - Kan på sitt vis reknast som profet, eller ein form for kvinneleg imam (feministisk tolking)
Kva særtrekk finn ein innanfor den religiøse tradisjonen hjå shia-islam?
Den religiøse tradisjonen krinsar omkring forteljingane om Gud, Profeten og hans nære familie, samt den første generasjonen etter dei - profetens etterfølgjarar. Hussayns martyrdom.
Medina-perioden la grunnlaget for termen; det muslimske umma. Denne termen er eit nøkkelord i Islam. Kva for tre tydingar kan du gje for dette nøkkelordet?
- Umma som eit religiøst fellesskap (Islams Umma)
2. Som eit ord for fellesskap/ etnisitet - med delt språkleg og etnologisk avstamming. (Den Arabiske Nasjon, Den Kurdiske Nasjon). - Som eit ord for nasjon - i tydinga nasjonalstat (Den Egyptiske Nasjon)
Kan du gje eksempel på psykologisk synsvinkel om Koranen?
Koranen blir nytta i viktige augneblinkar i muslimane sine liv (fødsel, ekteskap, død, etc.). På denne måten kan ein seie at Koranen får ein kjensle-messig verdi.
Kan du gje eksempel på sosiologisk synsvinkel om Koranen?
- Koranen har sin viktigaste funksjon i andaktslivet. Særleg i rituelle situasjonar. I tillegg er tolkingsdebatten stor internt i det religiøse fellesskapet. (Tolkingsdebatten heng saman med den politiske synsvinkel)
Kan du gje eit eksempel på politisk synsvinkel om Koranen?
Tolkingsspørsmålet skaper politiske motsetningar innanfor Islam . Kven som til ei kva tid har autoritet til å tolke teksten kan nytte denne til eigen politisk vinning. Koranen har òg eit politisk aspekt når det kjem til å implementere sharia i domstolane.
Kva inneheldt ein kontekstuell korantolking?
At ein ser på tekstane som ein tilpassing av dei vilkår som den gong var gjeldande (arabiske halvøy på 600-talet), og at desse vilkåra ikkje kan nyttast på same måte andre stader til andre tider.
Kva er definisjonen av islamisme?
slamisme er når religionen Islam blir sett på som ein politisk ideologi - eit program eller styresett for staten. Ein kan seie at islamismen inneheldt totalitære og fascistiske trekk, men sanninga er litt meir komplisert enn som så.
Islamismen har ei spennvidde som strekk seg frå totalitære militante grupper (al-Qaida) til demokratiske rørsler (Erdoğan og Algerisk Hamas)
Kva kjenneteiknar demokratisk islamisme?
Det ideologiske bodskap er religiøst grunna, men er ikkje totalitær. Denne retninga gjer skilje på statens og religionens institusjonar og talar for demokrati og parlamentarisme.
Kva er Sharia?
Sharia blir ofte omsett til å vera islam sin lov. Dette er ein noko upresis omsetning, då sharia inneheldt mykje meir enn det ein i daglegtala tenkjer på med ord som “lov” og “rett”. Ein kan seie at sharia omhandlar menneska sine plikter ovanfor Gud og kvarandre. Sharia blir forstått av mange muslimar som ein openbert norm - evig og uforanderleg. Men skil seg frå rettsvitskapen, fiqh. Det er debatt kring dette skilje.