Geologisk tidsalder Flashcards
Perioden startar då jorda vart danna for 4,6 milliardar år sidan og enda for om lag 3,8 milliardar pr sidan
Hadeikum
eit geologisk eon som kom før proterozoikum og paleoproterozoikum, i tida eldre enn 2,5 milliardar år sidan. I staden for å basere seg på stratigrafi er denne datoen definert kronometrisk
Arkeikum
eit geologisk eon som representerer perioden før dei første kompliserte livsformene utvikla seg i store mengder på jorda. strekkjer seg frå perioden 2500 millionar år sidan til 542,0 ± 1,0 Ma (millionar år sidan), og er det siste eonet i jorda si oldtid, som uformelt vert kalla prekambrium.
Proterozoikum
eonet som vi no er inne i og tidsperioden då det meste av dyrelivet har eksistert. Perioden dekkjer om lag dei siste 545 millionar åra og strekkjer seg tilbake til då dei første dyra med hardt ytre dukka opp. Namnet kjem frå gresk og tyder «synleg liv» og viser til dei mange organismane som dukka opp i den kambriske eksplosjonen.
Fanerozoikum