1.4 Kjemiske Reaksjonar - Forandring Frydar Flashcards
Utgangsstoff
Reaktaner
Produkt
Dei stoffa vi startar med i ein kjemisk reaksjon
Utgangsstoff-> produkt
Dei som blir danna vert kalla produkt
Pil viser at det skjer ein kjemisk reaksjon, retninga viser kva veg den går
Reaksjonslikningar 1
Fortel oss kva stoff som deltek i reaksjonane, og i kva mengder
Kjemiske reaksjonar- endring
Nye stoff blir danna med nye egenskaper
Reaksjonslikningar 2
Eige språk med eigen grammatikk
Viser dei kjemiske formane for både utgangsstoffa og produkta
Koeffisientar
Tal framfor dei kjemiske formlane
Viser kor mange atom, molekyler eller ion av kvart stoff som deltek i reaksjonen
Kjemisk reaksjonslikning
Ei kjemisk reaksjonslikning viser dei kjemiske formlane for utgangsstoffa og produkta. Vi bruker pil for å vise at det skjer ei kjemisk endring, og kva veg reaksjonen går. Koeffisientane framfor formlane viser kor mange atom, molekyler eller ion av kvart stoff det er som deltek i reaksjonen
Å oppgi tilstanden til stoffa
I reaksjonslikningar brukar vi ofte forkortningar for å oppgi kva tilstanden stoffa er i s g l aq(vassløysning)
Balansering av reaksjonslikningar og bevaring av masse
I ein kjemisk reaksjon kan atom korkje bli danna eller forsvinne. I ei balansert reaksjonslikning må derfor talet på atom av kvart grunnstoff vere det same på begge sider av reaksjonspila. Det er eit uttrykk for at massen er bevart i kjemiske reaksjonar.
Støkiometri s. 56
Korleis vi kan gjere utregninger med tal på atom.
Stoffmengdeininga mol- sjå samanhengen mellom massen til eit stoff og kor mange atom stoffet er bygd opp av og rekne ut konsentrasjonen av løysingar og utbytte i kjemiske reaksjonar
6,02*10^23
Storleiken stoffmdngd
Stoff med same stoffmengd inneheld like mange formeleiningar(atom, molekyler eller ion)
Stoffmengda mol
Eitt mol, 1.00 mol, er ei stoffmengd som inneheld like mange formeleiningar som det er karbonatom i 12.0 g av karbonisotopen ^12C
Atommasse og molmasse
Eitt mol av eit stoff har ein masse i gram som er like stor som måltallet for atommassen eller formelmassen av stoffet
Talet påpartiklar i stoffmengda 1.00 mol
Stoffmengda 1.00 mol av kva som helst stoff inneheld 6.02*10^23 formeleiningar. Dette talet blir kalla avogadros tal
Molar masse
Storleiken av molar masse(Mm) er definert som masse(m) per stoffmengd(n)
Molarmasse=masse/stoffmengd, Mm=m/n
Eininga for molar masse blir derfor g/mol. Molar masse er altså massen til eitt mol formeleiningar av eit stoff
Molar masse med eininga g/mol
Den molare massen (Mm) med eininga g/mol, til eit stoff har same måltala som atommassen eller formelmassen til stoffet
Samanhengen mellom stoffmengd og masse
For eit stoff med den molare massen Mm vil vi ha desse samanhengane mellom massen m og stoffmengda n til stoffet:
Stoffmengd=masse/molar masse, n=m/Mm
Masse=molar massestoffmengd, m=Mmn